Istappar og fjerning av snø på fortau er huseigars ansvarIfølge politivedtektene har huseigar fleire viktige plikter som er aktuelle no når det er mykje snø og is i området. Shutterstock I løpet av vinteren kan det oppstå fleire situasjonar som kan vere til fare og bry for bebuarar. Til dømes store mengder snø i gatene, eller rasfare og istappar frå hustak. I det høve vil vi derfor komme med ein påminnar om kva plikter huseigarar har i vedlikehaldet av dei offentlege romma våre. I Ålesund kommunes politivedtekter kan vi lese: "Når det er fare for at snø eller is kan falle ned frå hustak mot offentleg stad, skal eigaren straks setje opp avvisarar som gjer det tydeleg at ferdsla er forbunde med fare eller ulempe, og skal snarast syte for at taket blir rydda." Sjølv om kommunen har ansvar for kommunale bygg, er det huseigarar som har ansvaret for privateigde bygningar. Dette gjeld både snø og is som kan rase ned, å rydde etter slike ras, og å strø og måke fortau i beinveges nærleik til eigedommen. Det er også viktig at huseigarar fjernar sperringar eller avvisarar etter at faren for ras er over. Ikkje enkelt Dette er ikkje ei enkel oppgåve. Dei store snømengdene vi har fått servert den siste tida er ikkje berre utfordrande for brøytemannskapa, som jobbar dagen lang med å rydde gatene våre. Utfordringa er også stor for dei innbyggarane som har ansvaret for å rydde fortaua for snø, istappar og is frå hustaka sine. Vi ynskjer difor å fortelle at vi set pris på at huseigarane fortset å rydde så godt det let seg gjere. Sist endra 16.03.2023 15.24