Inviterer til meistringskurs «Framover» er eit gratis meistringskurs for pasientar og pårørande. Nye kurs startar 22. mars. Meistringskurs «FRAMOVER» Helseutfordringar ved kronisk fysisk sjukdom eller skade kan føre til store endringar i kvardagslivet. Helse Møre og Romsdal, ved Lærings- og meistringssenteret (LMS), samarbeider med Ålesund kommune om eit to dagars diagnoseuavhengig meistringskurs. I kurset vender ein merksemda frå sjølve sjukdommen til det å handtere situasjonen og skape ein god kvardag. Målgruppa for kurset er pasientar med kronisk fysisk helseutfordring, sjukdom eller skade og pårørande. Innhald på kurset Tema på kurset vil være: Identifisere utfordringar knytt til sjukdom, samt det å vere pårørande opp i dette Korleis kvardagen kan bli påverka Kroppslege endringar Synlege og usynlege plager Psykisk helse Tap og sorg Kommunikasjon, roller og samliv Korleis meistre kvardagen - bli kjend med nokre kognitive meistringsverktøy Praktisk informasjon Dato: 22. og 29. mars. Tidspunkt: Kl. 17.00 - 19.30 Stad: Lavblokka ved Ålesund rådhus, møterom 463 (ved siden av bystyresalen). Pris: Kurset er gratis. Det blir enkel bevertning. Påmelding og meir informasjon Vil du melde deg på eller vite meir? Ta kontakt med ein av oss. Merete Kløvning tlf.: 480 91 554 Grete Gjesdal tlf.: 409 24 712 Espen Ervik (Helse Møre og Romsdal) Påmeldingsfrist: Fredag 17. mars. Sist endra 25.01.2023 09.50