Siste nytt

Innskriving i skolane er utsett til mars

Innskriving av spende førskolebarn er utsett, førebels til veke 11. Nye datoar for dei ulike skulane vil kome seinare.

Foto av fem elever i et lekestativ på en skole - Klikk for stort bilete Tone Molnes  

Bytte skole frå nærskolen?

 

Nokre foreldre ønsker at barna skal begynne på ein anna skole enn den som barnet soknar til. Nærskoleprinsippet er utgangspunktet i Ålesund kommune og ein vurderer at det beste for barna å få gå på den skolen som er nærast til heimen. 

Det skal særlege grunnar til for å innvilge ein elev skoleplass på ein skole i ein anna skolekrets enn der barnet bur. I det gjeldande reglementet kan skolene vurdere tilfeller der;

  • barnet har tilråding frå PPT
  • barnet har eldre søsken som allereie går på skolen ein søker til
  • når skolevegen blir tryggare for barn som er store nok til å gå sjølv på skolen

Kriteria blir vurdert i samanheng med kvarandre. I alle tilfeller er det kapasitet på trinnet og ressurssituasjon på den skolen føresette søker barnet inn på som er det avgjerande for inntak. 

I januar 2021 begynner kommunalområdet opplæring på arbeidet med å lage ny prosedyre for skolebyte.

Vi ønsker alle nye elevar lykke til med innskrivingsdagen. 

Sjå meir informasjon på sida vår for nye elevar i ålesundsskolen.

Til toppen