Ingen avvik i bekymringsmeldingar i Ålesund kommune

Ålesund kommune har undersøkt om det er bekymringsmeldingar som ikkje har kome fram til barnevernet, slik som i Bergen kommune. Undersøkinga viser at det er ingen meldingar som manglar.

Oversiktsbilde av sentrum og Ålesund rådhus  - Klikk for stort bileteÅlesund rådhus Petter Otto Dybvik

Ålesund kommune vart 05. juni gjort oppmerksam på ein feil i Visma Familia som førte til at barnevernet i Bergen kommune ikkje hadde fått 25 bekymringsmeldingar.

Meldingane kom inn til Nasjonal portal for bekymringsmeldinger, men ikkje vidare. På grunn av personvern vart meldingane sletta etter 14 dagar, og ein veit dermed ikkje kva eller kven desse bekymringsmeldingane gjaldt. 

Ikkje ramma

Samtidig med at feilen blei offentleggjort, fekk kommunen tilgang til ei systemoppgradering. Denne gjorde det mogleg å sjå om det var bekymringsmeldingar som ikkje hadde blitt levert til barnevernet i Ålesund kommune. Det er no klart at alle bekymringsmeldingar som har vore innsendt er levert, og Ålesund kommune er dermed ikkje ramma av feilen.