Informerer og inviterer til innspel om Storfjordsambandet

Informerer og inviterer til innspel om Storfjordsambandet

Storfjordsambandet har starta arbeidet med ei konseptvalutgreiing (KVU) for samferdselsprosjektet som strekkjer seg ifrå Stranda, via Sykkylven til Ålesund. No inviterer Storfjordsambandet til ei brei involvering på tvers av dei tre kommunane. 

Ordførere og ledere i Storfjordsambadet - Klikk for stort bilete

- For å kunne sikre ei god gjennomføring av konseptvalutgreiinga er prosjektet avhengig av lokal og regional forankring politisk, i næringslivet og blant folk som bur i området, seier Eva Vinje Aurdal, ordførar i Ålesund kommune. 

Storfjordsambandet er eit samferdselsprosjekt som arbeider for ferjefri kryssing av Storfjorden, og vil knytte innbyggarar i kommunane Stranda, Sykkylven, Ålesund og områda rundt tettare saman. 

KVU-en skal mellom anna kartlegge og beskrive myndigheiter og andre interessegrupper sine behov og avdekke eventuelle interessekonfliktar.

Ein ny hovudforbindelse

- Med ein betre tilrettelagt infrastruktur for logistikk av varer inn- og ut av Ekornes, og med tilgang til arbeidskraft og kompetanse frå ein større bu- og arbeidsmarknadsregion, vil det være lettare for oss i Ekornes å satse vidare på kompetansebygging, merkevarebygging og produksjon ifrå Sykkylven og på Grodås, seier Lars Wittemann, Supply Chain Director i Ekornes ASA. 

Om Storfjordsambandet blir realisert vil det kunne ha verknad på fleire av dei eksisterande og planlagde samferdselsprosjekta i Ålesundsregionen trur Ålesundsordførar Eva Vinje Aurdal. 

- Ein ny hovudforbindelse mellom Storfjord og Digernes, vil potensielt skape eit meir attraktivt og mindre sårbart trafikk-område langs fjorden mellom Magerholm og Blindheim, og langs fjorden mellom Magerholm og Valle. Storfjordsambandet vil samtidig kunne ha ein positiv effekt på flaskehalsen mellom Blindheim og Breivika, seier ho. 

Ålesund kommune med i samarbeid

Stranda kommune og Sykkylven kommune har vore betydelege bidragsytarar for å få fart på prosjektet dei siste åra. No har også Ålesund kommune satt Storfjordsambandet på agendaen.

- Konseptvalutgreiinga vil vere eit solid grunnlag for å gå vidare i fylket sin beslutningsprosess om samferdselsprosjektet skal realiserast. Derfor er vi svært nøgde med at Ålesund kommune og lokalt næringsliv på tvers av kommunane også engasjerer seg i prosjektet, seier Odd Jostein Drotninghaug, ordførar i Sykkylven kommune. 

- Storfjordsambandet vil knyte regionen tettare saman som ein enno meir attraktiv bu- og arbeidsmarknadsregion. Ålesundsregionen har alt å vinne på ei løysing der ein kortar ned avstandane mellom eit mangfald av attraktive buområde og arbeidsplassar, seier Jan Ove Tryggestad, ordførar i Stranda kommune. 

- Behov for realisering av Storfjordsambandet er knytt til regional utvikling i form av styrka næringsutvikling, større bu- og arbeidsmarknad og betre transportløysingar for verksemdene, seier Randi Walderhaug Frisvoll som er nestleiar i samferdselsutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Fylket løyvde i april i år eit tilskott på 1,5 millionar kroner til vidare planlegging av Storfjordsambandet. Tilskottet nyttast til å delfinansiere og gjennomføre konseptvalutgreiinga for vegsambandet.

- Vi er glad for at kommunane og fylkeskommunen legg til rette for at politisk miljø, næringsliv og lokalbefolkning kan bidra i utgreiinga og planlegginga av samferdselsprosjektet, avsluttar dagleg leiar Øyvind Michael Olsen i Storfjordsambandet.

Skal vere medverking

Som ein del av KVU-en vil Storfjordsambandet utføre en medverkingsprosess i dei direkte råka kommunane Stranda, Sykkylven og Ålesund, der nødvendige interessentar og instansar involverast.

I medverkingsprosessen skal mellom anna behov og målsettingar leggast fram, drøftast og forankrast. I KVU-en vil dette vere skriven som situasjonsbeskrivelse, problemanalyse, behovsanalyse, strategiske mål, og mål og krav for prosjektet. Dette vil leggast til grunn for den vidare KVU-prosessen. 

Sjå planen for medverking og les meir på storfjordsambandet.no.

Til toppen