Koronaviruset

Har du spørsmål om korona? Ring informasjonstelefonen 90 27 15 79 (open måndag til fredag kl. 09.00 - 15.00).  Dette nummeret kan ikkje brukast for bestilling av test eller vaksine. På vår samleside finn du alt om testing, vaksinering og smittetal i kommunen.

Siste nytt

Informasjon om bildelingsordning

Kommunen har kjøpt seg tilgang til bildelebilar frå firmaet OTTO mellom 07.30-16.30 på kvardagar. Slik slepp kommunen å kjøpe eller leige bilar. Her blir bildelingsordninga presentert.

Rekke med nye biler inne på bilforretning. En blå bil i forgrunnen merket med bærekraftsring og Otto på fremre sidedør. - Klikk for stort bileteEin av bilane som er med i bildelingsordninga   

Ålesund kommune starta i begynnelsen av mars ei bildelingsordning saman med Ålesund parkering, TAFJORD og Sparebanken Møre.

Prosjektleiar for bildelingsordninga, Sindre Rovde, hadde 11. mars ei orientering om bildelingsordninga for kommunestyret.

Du kan sjå eit opptak av presentasjonen under den skriftlege informasjonen.

Fakta

  • Kommunen har  per i dag 350 kjøretøy. 
  • 44 % av bilane er i bruk kvar dag i løpet av eitt år
  • Bilane sto for ca 260 tonn utslepp av CO2 i 2020.
  • Drifta av desse bilane kostar kommunen omlag 12 millionar kroner per år i leasing, drivstoff og service. I tillegg er der skjulte utgifter knytt til lønn når tilsette køyrer bilane til og frå service, foretar dekkskifte, uforutsette utgifter, med meir
  • I 2018 brukte kommunen 2,2 millioner kroner på parkering og betalte ut 6,8 millionar kroner i bil- og køyregodtgjersle til dei som bruker eigen bil i tenesta.

Totalt kostar bilane kommunen 22 millionar kroner i året.

Omstilling

Bildelingsordninga er ein del av eit størreomstillingsarbeid for berekraftig mobilitet i tenestene til kommunen.

Måla for dette arbeidet er at:

  • Behovet for transport i tenestene i størst mogleg grad skal bli løyst med gørne og berekraftige ordningar.
  • Kommunen skal redusere klimagassutsleppa frå kommunal tenestekøyring.
  • Kommunen skal redusere talet fossile tenestebilar.
  • Kommunen skal ha mest mogleg effektiv drift og bruk av kommunale køyretøy.
  • Utgifene til tenestekøyring skal ned (køyregodtgjersle, driftsutgifter, parkeringsutgifter). 

Bakgrunn

Kommunen må på ein eller anna måte skaffe bilar til tilsette som skal forflytte seg i tenesta. Tradisjonelt har vi leasa bilar, eigd dei eller dei tilsette har brukt eigen bil. No er bildeling eit tilbod. 

Bildeling er kjent frå større byar, her i Norge; Oslo, Bergen og Trondheim, men ordninga er mindre kjent i mellomstore byar som Ålesund. Nokre få har gjort det før oss, slik som Bodø og Halden.

Bilhald er tidkrevande når det kjem til service og vedlikehald. Ved ei bildelingsordning sparer kommune denne tida. Kommunen kjøper tilgang til bilane i normalarbeidstida (07.30 - 16.30), elles har ikkje kommunen noko med bilane å gjere.  Den som driftar bilane er leverandøren OTTO.

Ålesund kommune er med i FN-programmet United for Smart and Sustainable Cities (U4SSC). I samband med det, har FN gjort ei måling som viser nøkkeltal for kor smart og berekraftig kommunen er. Målinga skal vere ei hjelp i arbeidet med å få ei framtidsretta utvikling. Det er fleire av desse nøkkeltala som er relevante for bildelingsprosjektet.

FNs måling 

Tal frå 2018:

  • Del av daglege reiser som foregår med bil er 71 % (raudt nivå)
  • Talet på bildelingsbilar per innbyggar (raudt)
  • Del av bilparken som er lågutsleppsbilar er 3, 91 % ( har nok auka)
  • Luftkvaliteten er god

Den sosiale dimensjonen ved ei slik ordning er verd å nemne. Ei bildelingsordninga kan jamne ut forskjellar ved å gjere bilar tilgjengelege for dei som ikkje har bil. Til dømes har Røde Kors eit prosjekt som heiter HABIL der dei frivillige øvingskøyrer med dei som ikkje har sertifikat og ikkje har eigen bil. Bildelingsordninga kan vere ei løysing for å skaffe bilar. 

Arbeidet fram mot ordninga

Arbeidsgruppa som har arbeidd med dette har hatt representantar frå fleire avdelingar i kommunen. Dei begynte arbeidet etter at partssamansett utval vedtok i 2019  at det skulle lagast ein modell for ei bildelingsordning. 

Då dei første partnarane blei med i Framtidslaben, blei bildelingsordninga ei satsing saman med TAFJORD og Sparebanken Møre.

Hovudmål og strategiar

FNs berekraftsmål delt inn i dei tre dimensjonane økonomi, det sosiale og klima og miljø. FNs berekraftsmål er delt inn i tre dimensjonar som må spele saman for at noko skal vere framtidsretta. Prosjekt og tiltak må vere økonomisk og sosialt berekraftig og ikkje skade klima og miljø. Bildelingsordninga har fordelar innan alle dei tre dimensjonane.

Økonomisk

  • Utfordre bil nr. 2 eller 3 i privathushaldningar. I gjennomsnitt bruker vi privatbilen 3,2 % av tida han er tilgjengeleg. Ein bil som har ein verdi på 400 000 kroner, genererer utgifter for 8 000 kroner netto i månaden (avskriving, forsikring, drivstoff med meir)
  • I ei bildeleordning betalar privatpersonar berre for bil når dei bruker den.
  • Å utnytte kommunens bilpark betre, gir ein økonomisk vinst.
  • Færre bilar gir eit betre trafikkmønster
  • Du slepp utforutsette utgifter

Klima og miljø

  • Betre utnytting av dei bilane som allereie er produserte  - bidrar til færre bilar
  • Elbilar gir mindre utslepp
  • Bidrar til materiell forbruksreduksjon når vi bruker ein bil betre

Sosialt

  • Gir tilgang til bil for menneske som av ulike grunnar ikkje har eigen bil pga økonomi, miljøstandpunkt, vanskar med parkering, unge og studentar..
  • Kan bidra til mindre ulikheit og utanforskap 

Praktisk om bildelingsordninga

  • Kommunen kjøper tilgang til bil frå OTTO mellom klokka 07.30 - 16.30 på kvardagar.
  • Bilane er tilgjengelege for andre når dei ikkje er i bruk av kommunen (95 kr/t - 495 kr/døger).
  • Alle bilane er el-bilar.
  • All administrasjon og praktisk gjennomføring er styrt av utleigar OTTO.
  • Brukarane lastar ned OTTO-appen gratis og finn all informasjon der.
  • Etterkvart bil appen gjere det mogleg å leige el-syklar.
  • Ålesund kommune skal truleg integrere køyretøy vi allereie har.
  • Fase 1:
    • 10 bilar i Ålesund sentrum
    • 5 bilar i Vågavegen (ved studentboligar og NTNU)
    • 5 bilar på Moa (ved symjehallen)
    • 2 bilar i Brattvåg
    • Desse bilane erstattar bilar som kommunen har leigd eller eigd til no.
  • Det er ønskeleg å skalere opp talet på bilar vi leiger gjennom bildelingsordninga og nedskalere bilar vi leaser/eig i heile kommunen.

Du finn meir informasjon på otto.no/alesund. Der er det også mogleg å stille spørsmål og svar og chatte direkte med Otto.

Det har vore stor interesse internt for å få kome med i bildelingsordninga frå dei avdelinga som ikkje er med i 1. fase.

Til no har rundt 130 tilsette lasta ned OTTO-appen og omlag 60 har prøvd ordninga.420 innbyggarar har lasta ned appen til no.

Oppsummering

  • Ålesund kommune skal ha rett storleik på den totale bilparken.
  • Den største innsparinga vil vere gjennom det å nytte kvart enkelt køyretøy optimalt.
  • Mindre bilpark = mindre behov for parkeringsplassar = fleire tilgjengelege parkeringsplassar som kommunen ikkje legg beslag på.
  • Fleire tiltak blir sett i verk som seier noko om korleis tilsette i kommunen forflyttar seg i tenesten.
  • Gir ekstra verdi til regionen vår. Å dele er smart.

 

Det er gjort opptak av presentasjonen: (sjå meir etter denne videoen)

 

Video frå lanseringa av bildelingsordninga 1. mars:

Til toppen