Siste nytt

Hjelp oss, og deg sjølv, ved å ha godt do-vett! 

Det er nemleg ikkje eitt feitt kva ein puttar i do. Ålesund kommune markerer toalettdagen 19. november.Foto av toalettskål - Klikk for stort bilete Giorgio Trovato  

- Det er ganske mykje som ikkje skal i do; det aller meste faktisk. Tiss, bæsj og dopapir er alt. I tillegg er det viktig å hugse på at sjølv om vask og toalett er to forskjellige ting, så endar vatnet til slutt i same røyr. Feitt er ein versting saman med våtserviettar og Q-tips, men heller ikkje kjemikaliar og medisinar skal skyljast ned i do, fortel avdelingsingeniør for avløp i Ålesund kommune, Bjørghild Lervik.

Når toalettet blir nytta som søppelbøtte fører det til tette avløpsleidningar, tilbakeslag, driftsstopp i pumpestasjonar og reinseanlegg, samt auka rotteplager og forureining av naturen, legg ho til.

Informasjonskampanje til folk og fe

Kommunen har sendt ut informasjon til skolane og håper barna tek med seg god lærdom tilbake til heimane. Lervik fortel også at driftsoperatørane i kommunen har mange utrykkingar til tette pumper der årsaka søppel som stoppar pumper og reinseanlegg. Nokre gongar vert også utstyr øydelagd av same årsak.

Vi er heldige i Norge og Ålesund

Andre stader i verda er det ikkje like beint fram som her til lands når det gjeld sanitærforhold. I Noreg er vi særs heldige, forklarar ho.

- Vi er vande med god tilgang til rennande vatn i vaskar og toalett. Dårlege sanitærforhold fører til at over 297.000 barn under fem år døyr kvart år grunna diaré og andre sjukdommar som enkelt kan førebyggjast gjennom betre sanitærforhold og hygiene. Av denne grunnen har FN sett av 19. november som ein fokusdag for sanitærforhold – Verdas toalettdag. Årets kampanje har som tema Valuing Toilets - Verdsette toalett.

Verdas toalettdag

«Kven bryr seg om toalett? 3,6 milliard menneske gjer det. Fordi de ikkje har eit som fungerer som det skal.» Dette er utgangspunktet for 2021-kampanjen for Verdas toalettdag. The Observance feirar toalett og aukar bevisstheita rundt dei 3,6 milliard menneska som lever utan tilgang til eit trygt forvalta sanitæranlegg. Når nokre menneske i eit lokalsamfunn ikkje har trygge toalett, er alle si helse truga. Dårlege sanitærforhold forureinar drikkevasskjelder, elvar, strender og matvekstar, og spreier dødelege sjukdommar blant befolkninga.

FN sitt berekraftsmål nr 6 er reint vatn og gode sanitærforhold. Det er svært mange menneske i verda som ikkje har tilgang til trygge sanitære forhold, og mange stadar har dei ikkje tilgang til toalett i det heile. Heile 40 % av verdas befolkning har ikkje tilgang til såpe og vatn heime og 673 millionar menneske er utan tilgang til toalett i det heile. I tillegg er det globalt minst 2 milliardar menneske som nyttar drikkevasskjelder som er forureina med avføring. Dette er forhold som har dramatiske konsekvensar for menneska si helse, verdigheit og sikkerheit.

Å stoppe klimaendringane er FN sitt berekraftsmål nr 13. Avløpstenesta kjem faktisk inn her også. Klimaendringane fører til meir ekstremver. Flom, tørke og stigande havnivå trugar sanitærsystem – frå toalett til septiktankar og reinseanlegg. Flomvatn kan forureine brønnar som blir brukt til drikkevatn, og flaumar kan skade toalett og spreie menneskeleg avfall til lokalsamfunn og matavlingar, og forårsake dødelege og kroniske sjukdommar.

Les meir her om verdens toalettdag.

Til toppen