Siste nytt

Her er vinnarane av miljøprisen, ungdommens kulturpris og byggeskikksprisen

Les meir om vinnarane her.Kollasje av foto av ung smilende kvinne, flere unge mennesker som jubler og Bybadet i Ålesund - Klikk for stort bilete Privat / LD Studio / Elisabeth Sperre Alnes  

Ungdomsrådet i Ålesund kommune har samrøystes vedtatt at Ungdommens kulturpris for 2021 vert tildelt Monika Sæth Bjørlykhaug. (f.1997).

Grunngjevinga for at ho vert tildelt denne prisen er:

Monika starta på Barnelaget i Vatne Frilynde Ungdomslag 6 år gamal.
Etter ei kort periode så kom ho heimatt og sa: Er det ein plass eg aldri skal slutte, så er det her.

I 2009 (12 år gamal) starta ho som leiar i Barnelaget. Ho var då medansvarleg for 30-40 born. Sidan
2012/13 så har ho hatt ansvaret aleine. I år så er det 49 born i alderen 6-18 år. Ho instruerar borna i
Folkedans, Leikarring, Modernedans og Linedance. Song og Skodespel øver dei på kvart år frå
september til jul, for då er det Julefest for borna med familiar.

I sommar så framførte teatergruppa Grease, som vart ein suksess.
Ho lever og ånder for barnelaget, øver inn nye dansar, skriver om skodespel slik at det skal passe til
antal medlemmar som skal ha roller. Veldig engasjert, ho kan plutselig en sommars dag, ta fram
julespelet og skrive om, justere replikkar, skrive inn roller osv.
Dette gjeld også dans. Ho dansar ute, inne hos besteforeldre, for det er ofte noko ho vil vise.
I 2016 starta ho på lærarstudiet i Volda, ho tek da turen tilbake til Vatne nesten kvar fredag for å være
i lag med ungane i barnelaget. Ho er saman med dei minste borna (1. – 4. trinn) frå kl 18-19, og dei
største (frå 5.trinn og oppover) frå kl 19-20.

Frå kl 20-21 har ho øving med teatergruppa. Ho har skrevet om fleire manus slik at det passar til
teatergruppa. Dette er ein stor jobb og Monika er utrulig stolt når gruppa viser det ferdige resultatet.
I Volda var ho også med og dansar samen med Onsdagsdansarane. Dei synest at det var utrulig kjekt
å få med ei ung dame. Dette gjorde ho for at ho synest at det er kjekt og for å lære seg nye dansar
som ho tar med seg til barnelaget.

Sommaren 2019 valgte ho å flytte tilbake til Vatne, det siste studieåret i Volda var samlingsbasert.. På
denne måten så kan ho lettere yte enda meir til Barnelaget.
Til jula i 2019 hadde Barnelaget et Julespel som ho hadde skrevet sjølv som handla om både raude
og blå-nissar, det kalla ho Kampen om Langlua.
Ho som aldri hadde strikka før strikka alle blånisse luene. Viser litt om engasjementet ho har.
I Covid-perioden har utfordringane vært mange. Barnelaget hadde starta med øving på musikalen
Frost som dei skulle ha til Jul 2020, dette vart dessverre ikkje mogleg å gjennomføre, men dei slutta
aldri å øve. Så til slutt for å få førestillinga ut til foreldra så valte VFU å engasjere filmklassa ved
Akademiet som kom å filma. Dette blei ein veldig flott film som alle barnelagsbarna synest var veldig
stas.

Men sjølv i denne perioden så er ho ei veldig viktig medverkande grunn til at medlemsmassen I
Barnelaget er økende, pr dd 52 born. Dette viser kor viktig kulturlivet er i ei lita bygd som Vatne og at
oss har eldsjeler.

Ho er pliktoppfyllande, omgjengeleg, smilande, imøtekomande og rett og slett UNIK.
Vatne Frilynde Ungdomslag hadde sikker ikkje hatt barnelag på Vatne om det ikkje hadde vært for ho.

Rydd Møre får Ålesund kommune sin miljøpris for 2021

Dei får prisen for sitt omfattande arbeid med rydding, informasjon og engasjement.

Eit samrøystes prisutval for teknisk, miljø og samferdsel vedtok i møtet måndag 15. november å tildele prisen til Rydd Møre.

Her er grunngivinga:

Rydd Møre har stått på og fått rydda i fylket og kommunen vår. Gjennom gode informasjonskampanjar, motivasjon og engasjement har Rydd Møre fått mange menneske til å ta del i ivaretakinga av naturen gjennom organiserte arrangement som går ut på å rydde søppel i nærområda våre.

Rydd Møre blei starta av LD Studio i 2019 og er eit maritimt ryddeprosjekt for Sunnmøre, og består no av ein solid gjeng med ambassadørar og eldsjeler.

Dei organiserer ryddeaksjonar og får med seg frivillige frå både barnehagar, skuleklassar, studentar og vaksne til å bli med på ryddinga. Eit av måla dei sette seg for 2021 var å samle minst 500 frivillige, men det talet vart meir enn dobla i god tid før utgangen av året, så det er ikkje tvil om at dei er gode på å engasjere.

Rydd Møre sørger for trygg avfallshandtering av det som blir samla inn. Dei gjer arrangementa sine til ei kjekk og sosial happening, og får samstundes delt viktig kunnskap som til dømes konsekvensar forsøpling har for natur og dyr, men også at avfall kan vere ein ressurs, og ikkje berre søppel.

Ålesund kommune sin byggeskikkpris 2021 blir tildelt Jangaard AS som byggherre og Invit Arkitekter AS som arkitekt for Bybadet ved Utstillingsplassen i Ålesund sentrum.

Dette nybygget og den nye aktiviteten er både byutvikling og byfornyelse av beste merke. Et litt «slitent» område av bysentrum er gjennom dette tiltaket samt to større boligprosjekt gitt en viktig og gledelig vitamininnsprøyting. Samtidig har utbygger og arkitekt på en fin måte lykkes med å formgi Bybadet på en moderne måte, som fungerer godt sammen med gjenreisingsbebyggelsen i nabolaget.

Utdeling i desember

Ålesund har seks heidersteikn og prisar som skal tildelast årleg. Prisane blir delt ut på kommunestyret sitt siste møte, vanlegvis i desember. 

Vi gratulerer alle vinnarane!

Til toppen