Her er vekas politiske møteDu kan ha lagt merke til at det er fleire store politiske møte denne veka, og at dei er noko uvanleg plasserte i tid. I denne artikkelen viser vi kven som skal ha møte, til kva tid, og kva dei møtande har på agendaen. Illustrasjonsbilete Marit Brunstad / Sponland Foto Formannskapet er denne veka kalla inn til to møte, først tirsdag 13. juni, for generalforsamling i kommunale selskap. Deretter onsdag 14. juni, då til eit ordinært formannskapsmøte. Formannskapsmøtet 14. Juni startar med fleire orienteringar. Kort informasjon om samarbeidsavtale med Røde Kors (10 min.) Orientering om vassbehandlingsannlegget i Fremmerholen – framdrift (15 min.) Status busetting av flyktningar (kl. 12.00) Det er om lag 20 ulike saker som skal opp til behandling i møtet. Blant desse er spennande finansrapportar, fjorårets årsrekneskap og ei sak om lyntog. Sakspapira kan du lese i Innsyn, det vert også strøyma direktesending på KommuneTV. Samla møte for dei lokale utvala Alle kommunedelsutvala er også kalla inn til møte den 13., men til eit seinare tidspunkt enn formannskapet. Kommunedelsutvala skal først ha fellesmøte der dei mellom anna skal nominere kvar sin kandidat til Ålesund kommune sin Heiderspris. Dei 11 kandidatane blir deretter lagt fram for formannskapet som vedtek kven som får Ålesund kommune sin Heiderspris i 2023. Utdelinga av sjølve prisen vil finne stad på det siste kommunestyremøte i noverande kommune i 2023. Etter fellesmøtet vil alle utvala ha eigne møte der dei tek opp saker knytt til deira lokalområde. Sakspapira finn du i Innsyn. Sist endra 12.06.2023 15.10