Her er den nye assisterande kommunalsjefen for Samfunn.Det er Ingunn Stette som er tilsett i stillinga. Ingunn Osdal Stette Ålesund Kommune Ho har ein masterutdanning i samfunnsplanlegging og leiing, med ein ingeniørutdanning på botnen. -Eg takkar for tilliten og ser fram til å jobbe med mange spennande oppgåver i samarbeid med gode kollegaer, og til det beste for innbyggjarar og næringsliv i Ålesund kommune, seier Ingunn Frå før har Ingunn arbeida lenge i offentleg sektor der ho har hatt med sakar som gjeld både samfunnsplanlegging og arealplanlegging, og ho kjem frå Strategi og styring her i Ålesund kommune der ho har hatt stillinga som avdelingsleiar. Her har ho jobba med økonomi- og heilskapleg verksemdsstyring. Det inneber også overordna kvalitetsarbeid og folkehelse på eit strategisk nivå. -Ingunn har lang erfaring, er trygg og er god på å løfte blikket. Vi er veldig heldige som har fått ho med på laget, seier kommunalsjef Sol Slinning som er svært nøgd med tilsettinga. Ho vil tiltre stillinga i løpet av hausten 2023 Sist endra 04.09.2023 14.54