Koronaviruset

På vår temaside om koronavirus  finn du siste informasjon om koronaviruset, tiltak vi gjer i kommunen og kva dette betyr for deg. Ålesund kommune tilbyr testing for personer med symptom på koronavirus (covid-19) ved teststasjonen på Åse.  Information about corona in other languages. 

Siste nytt

Helsestasjonane for ungdom med reduserte opningstider

I sommar er det endra opningstid ved Helsestasjonen for ungdom på Moa og i Brattvåg.Klikk for stort bildeDu kan følge helsestasjonen for ungdom på snap.  

På Moa er helsestasjonen stengt onsdag 15. juni. Den er òg stengt kvar torsdag fram til veke 33, som startar 10. august. Elles er helsestasjonen open onsdagar, og ein kan ta kontakt på telefon 408 23 517 for timebestilling.

Neste opningsdag på Moa blir onsdag 22.07.20 frå klokka 16.00-19.00 Ungdommar kan ta kontakt på telefon for timebestilling.

Ved Helsestasjonen for ungdom i Brattvåg, er det mogleg å gjere avtalar mellom 0800-16.00 ved å ringe 950 98 748. Dette nummeret er opent fram til 17. juni.

I veke 30, (20. juli- 24. juli) er tenesta i Brattvåg stengt. I veke 31 og 31, (frå 27. juli til 7. august) kan ein ringe 478 65 304 for å gjere avtalar.

Sjå nettside her.

Til toppen