Siste nytt

Helge Veum oppnemnd til Rådet for Statistisk sentralbyrå 

Foto av Helge Veum - Klikk for stort bildeHelge Veum Ålesund kommune   
Helge Veum (44) stabssjef for teknologi og innovasjon i Ålesund kommune, er av Kongen i statsråd i dag personleg oppnemnd til Rådet for Statistisk sentralbyrå for perioden 2020 – 2023.

Rådet skal gi råd til administrerande direktør i statistikkfaglege spørsmål og i spørsmål om forsking og analyse. Rådgivinga skal fortrinnsvis vere på strategisk nivå.

 - Eg er stolt og glad for å ha fått denne tilliten. Eg har lang fartstid frå Datatilsynet der eg blant anna arbeidde med samspelet mellom teknologi og samfunn. Eg trur at bakgrunnen med teknologi- og samfunnsforståing er ein av grunnane til at eg er blitt vald inn. Eg kjem sjølvsagt til å ta med meg kommunens perspektiv inn i dette arbeidet. Offisiell statistikk blir stadig viktigare som ei truverdig kjelde i et samfunn som er stadig meir datadrive, samtidig som det er prega av falske nyheiter, seier Helge Veum, stabssjef for teknologi og innovasjon.

Rådet består av sju medlemmer, og dei som blei oppnemnde i dag er:
Stabsdirektør Birger Vikøren, Oslo (leder)
Professor Claire Armstrong, Tromsø
Professor Grete Brochmann, Oslo
Fagdirektør Marta Ebbing, Bergen
Administrerande direktør Jørgen Elmeskov, Danmark
Visedirektør Astrid Undheim, Trondheim
Stabssjef Helge Veum, Ålesund

Sjå også pressemeldinga på Finansdepartementet si nettside. 

Til toppen