Held fram dugnaden for å hjelpe ukrainarane

Det kjem framleis mange ukrainarar til Ålesund, og behovet for mellom anna bustad til dei ser ut til å vere aukande framover. Du kan melde inn bustaden din i digitalt skjema, vi vil ta kontakt med deg er bustaden aktuell. 

Nøkkel med nøkkelring i et hus form i døren nøkkelhullet - Klikk for stort bilete

Meld inn din bustad

Det er verksemd for integrering som administrerer ordninga med private bustader som kan leigast ut til ukrainarar. 

- Det blir gjort ved at vi tek kontakt med huseigarar som legg inn aktuelle bustader i skjemaet under. Vi organiserer då ei synfaring saman med brannvesenet og personell frå Ålesund kommunale eigedom (ÅKE) for å kontrollere at bustaden er i god stand og er godkjent for utleige, fortel leiar Bernt Are Wiig. 

Dei mest aktuelle bustadane har mellom 1 til 4 soverom og stove, kjøkken og bad.

-  Alt må vere i grei stand. Bustaden treng ikkje vere møblert. Vi er interesserte i bustader frå heile kommunen. Utleigeprisen må ikkje overstige marknadsprisen. Leilegheiter i høg prisklasse er ikkje interessante for oss. Kommunen gir ein tre månaders husleigegaranti til utleiger.

Ålesund kommune tek kontakt med aktuelle bustadeigarar fortløpande når vi har behov for bustader.

Meld inn din bustad

Sjå meir informasjon på temasiden om Ukraina og Ålesund.