Siste nytt

Heimreise til jul kan gje auka smittespreiing 

Svært mange studentar og slekt frå  andre stader i landet, planlegg no å kome heim til Sunnmøre i jula. Men det er særs viktig at ein no tek ekstra omsyn til smittereglane, seier Mestad. Foto av smilende mann ute - Klikk for stort bileteOlav Mestad   

Kommuneoverlegane på Sunnmøre har no gått saman om fem råd til dei som har tenkt seg heim i jula.

  1. Siste veka før du reiser på juleferie sjå til at du har så få kontaktar med andre som råd er.
  2. Pass på godt smittevern når du reiser.
  3. Vi rår til at du tek ein test ved teststasjonen vår med det same du kjem heim. Bestill gjerne på førehand.
  4. Dei 2-3 første dagane etter du kjem heim, i alle tilfelle til du har svara på ein test, har du kontakt berre med din næraste familie der du bur. Besteforeldre og venner får vente på deg disse dagane.
  5. Pass på avstand, handhygiene, og kvarandre, og ver frisk når du går i selskap!

Dei store studiestadane i Oslo, Trondheim og Bergen har alle hatt utbrot av koronasmitte. Det same har fleire av dei andre høgskulemiljøa i Noreg som til dømes Gjøvik. No har studentane eit stort ansvar for å ikkje bringe smitta heim til jul. 

-Det er spesiell viktig at ein unngår å utsette dei eldre og dei som er i risikogruppa for smitte,  seier Olav Mestad.

Illustrasjon av flere koronavirus - Klikk for stort bileteKoronavirus   Juletida er familien si høgtid. Ein samlar seg for felles hygge og kos. Ofte har ein ikkje sett kvarandre på lang tid. Men det er ikkje meininga å ta julestemninga frå folk.

-Dei nasjonale reglane seier at ein kan ha inntil fem gjester i tillegg til dei som bur i familien. Ein familie med fleire barn kan inviterast sjølv om det er fleire enn fem i familien, seier Mestad.

-Korleis skal folk reise for å kome seg heim?

-Reisa heim bør skje på ein så trygg måte som mogeleg. Ein kan anten bruke eigen bil, fly eller annan kollektivtransport. Under reisa må ein fylgje smittevernråda, halde avstand, sprite seg og bruke munnbind dersom det er vanskeleg å halde avstand, seier Mestad. 

Ålesund har så langt ikkje hatt store utbrot av koronasmitte blant innbyggarane.  Men det skal lite til for at smitta spreier seg. 

-Før ein reiser heim, bør ein tenkje over om ein har vore utsett for smitte. Ein kan gjerne ha færre kontaktar før reisa. Det same gjeld når ein kjem fram. Hald deg i ein karanteneliknande situasjon, ha kontakt med færrast mogeleg, hald avstand og nyt friluftslivet i staden.

-Sidan kan ein vere meir sosial, dersom smittesituasjonen gjer det mogleg. Hugs at framleis gjeld reglane for at ein ikkje skal ha meir enn fem gjestar privat og ikkje meir enn 20 ved eit privat arrangement utanfor heimen. Dersom ein har private festar med fleire enn kva som er lov,  vert det slått ned på og ein kan risikere bot, seier Olav Mestad.
 

Til toppen