Viktig informasjon om korona

Ålesund kommune følger nasjonale råd og reglar. Det er gult nivå på skolar og barnehagar til og med fredag 17. september.

Koronatest | Vaksine | Smittetal | Alt om korona | Information about corona in other languages

Siste nytt

Hasseldal innstilt som kommunedirektør

Formannskapet rår kommunestyret til å tilsette Jon Steven Hasseldal som kommunedirektør i Ålesund kommune.

Jon Steven Hasseldal - Klikk for stort bileteJon Steven Hasseldal Foto: Politiet På eit ekstraordinært møte i Ålesund formannskap 1. juli blei det fatta enstemmig vedtak i sak om tilsetting av ny kommunedirektør.

Formannskapet si tilråding

Jon Steven Hasseldal vert tilsett som kommunedirektør i Ålesund kommune. Oppstartsdato etter nærare avtale.

Dersom han takkar nei til tilbod om tilsetting, vil saka gå tilbake til rekrutteringsutvalet for vidare vurdering av rekrutteringsprosess. 

Forhandlingsutvalet gis mandat til å inngå arbeidsavtale og avtale om andre vilkår med Jon Steven Hasseldal.

Kommunestyret skal avgjere tilsettinga

Det er kommunstyret som skal foreta den endelege beslutninga om tilsetting. Det er planlagt eit ekstraordinært kommunestyremøte 8. juli, som skal holdast digitalt.

Til toppen