Har vi rett informasjon om deg?
Ålesund kommune har no brukt Helseplattformen i 10 dagar. For å gi deg god helsehjelp, må vi ha rett informasjon om deg. Sjekk informasjonen din i HelsaMi.
I dag blir opplysningane lagra om deg og behandlinga di i ulike system – på helsestasjon, hos fastlegen din eller på sjukehuset der du kanskje har vore til behandling.
Sjekk om personopplysningane dine stemmer
Det er både frivillig og gratis å ta i bruk HelsaMi.
- Last ned app'en på mobiltelefon eller nettbrett
- Du loggar på med sikker innlogging med ID-porten (til dømes Bank-ID).
eller
- Logg inn på nettsida HelsaMi.no
- Du loggar på med sikker innlogging med ID-porten (til dømes Bank-ID).
No er du logga inn. Sjekk at opplysningane om deg stemmer. Adresseinformasjonen er henta frå folkeregisteret, men til dømes telefonnummer, e-post og pårørandeinformasjon er henta frå andre fagsystem. Det kan derfor vere at informasjonen ikkje er oppdatert, men dette kan du sjølv rette opp i no.
Treng du meir informasjon?
Sist endra 09.05.2023 14.36