Siste nytt

Har tilsett to leiarar

Ålesund kommune har tilsett leiar for plan, byggesak og geodata, Edvard A. Devold, og  interimleiar for vatn og avløp, Jesper Sode Hansen.

 

Plan, byggesak og geodata

Edvard A. Devold (54) er tilsett som verksemdsleiar frå 1. april 2020.

Klikk for stort bildeEdvard A. Devold Ålesund kommune  Edvard er utdanna ingeniør og samfunnsøkonom, og er i dag tilsett som studieprogramleiar ved Institutt for internasjonal forretningsdrift ved NTNU Ålesund. Han har brei erfaringsbakgrunn, med m.a. ni år som rådmann i Sula kommune, konsulent i KPM G, assisterande rådmann/plan- og økonomileiar i Ulstein kommune og seniorøkonom i ECON Senter for økonomisk analyse.

Fram til Devold går inn i stillinga er Lars Roger Lundanes konstituert som verksemdsleiar for plan, byggesak og geodata. Lundanes er tilsett som avdelingsleiar for byggesaksavdelinga. I perioden fram til 1. april 2020 vil Lundanes ha begge desse rollene.


Stillinga som avdelingsleiar plan er ikkje endeleg avklart, tilsetting vil truleg vere avklart i løpet av januar.


Vatn og avløp


Jesper Sode Hansen, interimleiar vatn og avløp - Klikk for stort bildeJesper Sode Hansen, interimleiar vatn og avløp Ålesund kommune Jesper Sode Hansen (47)  er tilsett som interimleiar  for verksemda i ein periode på 6-9 månadar. Jesper vil starte i dette engasjementet omgåande. Sode Hansen har mastergrad i veiledningspedagogikk og leiing, og ei tilleggsutdanning  innan Lean ledelse og lærande organisasjonar gjennom LOS Norge.
Han er tilsett ved organisasjonsutviklingsavdelinga i stabsområdet personal og organisasjon, og har særleg kompetanse og erfaring  knytt til leiing av endringsprosessar og føretaksutvikling. 

Avgjerda om i første omgang engasjere ein interimleiar er gjort for å bygge ein ny organisasjon med spesiell vekt på samhandling på tvers av avdelingar og kvalitetsutvikling.  Dette arbeidet vil igjen legge grunnlaget for tilsetting av ein permanent leiar for verksemda basert på ein aktiv rekrutteringsprosess.

Til toppen