Har prøveordninga skapt meir lokaldemokrati?

Torsdag 30.03 er det klart for nytt møte i kommuneutval Haram. Hovudfokus for møtet vert ei evaluering av prøveordninga med kommunedelsutval. Her skal representantar frå desse utvala presentere sine erfaringar, om det har ført til meir medverknad og engasjement i lokalsamfunna. 

Fleire møtedeltakarar sitt ved eit bord. Bildet er tatt bakfra. - Klikk for stort bileteKommuneutval Haram har ID-huset som møtestad Jon Åge Giske Andersen

Ålesund kommune inngjekk i 2022 ein avtale med Høgskulen i Volda om at dei skulle leie eit prosjekt for å evaluere forsøksordninga med kommunedelsutval i Ålesund kommune. Målet var å evaluere om forsøket har påverka graden av samfunnsengasjement, samt styrka tilliten og trua på lokaldemokratiet hos innbyggjarane. Det vart også sett på ungdomane sitt engasjement og om tilknyting til lokalsamfunnet har auka.

Leiarane i kommunedelsutvala hadde møte på Ålesund rådhus 2. februar, og prosjektansvarleg frå Høgskulen i Volda, professor Bjarte Folkestad, orienterte der om prosjektet via Teams.

Har bedt om evaluering

Kommuneutval Haram vedtok i haust at ein i Haram 2024 ikkje går vidare med ein modell der kommunen opprettar kommunedelsutval. Kommuneutval Haram ønsker likevel at kommunedelsutvala gir innspel om kva erfaringar ein har gjort seg i perioden.

Desse innspela vil kommuneutvalet ta med seg vidare inn i planlegginga av korleis ein skal sikre bygging av lokaldemokrati og fellesskap i alle delar av den nye kommunen. I tillegg vil evalueringane gjort frå Høgskulen i Volda også kunne bidra inn i desse vurderingane.

Nytt møte i Brattvågen

Kommuneutval Haram skal møtast igjen 30.03, og har då invitert representantar frå kommunedelsutvala for Nordøyane, Vatne og Tennfjord, Brattvåg, Hildre og Søvik og Sandøy og Fjørtoft til å presentere sine evalueringar av prøveordninga med kommunedelsutval.

Møtestad er ID-Huset i Brattvåg, med møtestart klokken 09:30. 

Innkallinga ligg ute i Innsyn.

Du kan sjå direktesending, og opptak i etterkant, på KommuneTV.

Ålesund kommuneutval hadde ikkje saker til behandling, og har derfor ikkje møte i denne omgangen.