Koronaviruset

På vår temaside om koronavirus  finn du siste informasjon om koronaviruset, tiltak vi gjer i kommunen og kva dette betyr for deg. Information about corona in other languages.

Siste nytt

Har nådd milestolpe i Bypakke Ålesund

Klikk for stort bildeRundkjøring Meny Lerstad Arbeidet med kvalitetssikring av Bypakke Ålesund og E136 Breivika-Lerstad er no i gang. Torsdag 7. mai var Samferdselsdepartementet, Finansdepartementet, Statens vegvesen og konsulentar samla til oppstart av arbeidet med ekstern kvalitetssikring av E136 Breivika – Lerstad og Bypakke Ålesund. 

-    Dette er ein viktig milestolpe for Bypakke Ålesund, og eit viktig skritt på vegen mot realisering av bypakken, seier Ove Nesje, prosjektdirektør i Statens vegvesen Utbygging.


Statlege vegprosjekt med ein kostnad på over 1 milliard kroner skal gjennom ein ekstern kvalitetssikringsprosess, også kjend som KS2-prosess. Arbeidet inneber at ein uavhengig tredjepart skal vurdere planar for gjennomføring og kostnadsoverslag utført av Statens vegvesen. Dei eksterne konsulentane skal gå gjennom den planlagde finansieringa av Bypakke Ålesund, som delvis skal finansierast av bompengar. Her skal ein mellom anna vurdere trafikktalet som er lagt til grunn for berekningane. 


Strekninga E136 Breivika-Lerstad, som er ei del av Bypakke Ålesund, skal gjennom ei eiga kvalitetssikring av planar for gjennomføring og kostnadsoverslag då prosjektet har ein kostnad på 1,92 milliardar kroner (2019-kroner).


Ventar KS2-rapporten i september


Rapporten frå KS2-prosessen er venta å vere klar i september. Den vil vere ein viktig del av grunnlagsmaterialet til bompengeproposisjon en som skal leggast fram for Stortinget. 

Dersom Stortinget vedtek bompengefinansiering av Bypakke Ålesund før årsskiftet, kan det vere mogleg med oppstart av dei første prosjekta i bypakken i løpet av 2021.

E136 Breivika-Lerstad: Viktig vegprosjekt for Ålesund


Områda på strekninga E136 Breivika – Lerstad er i dag prega av mykje kø i rushtrafikken. Kollektivtrafikken blir også ståande i den same køen. Vegprosjektet inneber ein ny firefelts innfartsveg som vil avlaste dagens Lerstadveg og E136 gjennom Moa og Åse. Det skal også byggast ein ny gang- og sykkelveg frå Moa nord til Meny Lerstad.


Med ein ny E136 Breivika-Lerstad er målet å gjere reisekvardagen i området enklare og meir føreseieleg, og gjere det enklare og tryggare å ta buss, gå eller sykle. Den nye vegen vil også gje eit betre bumiljø for bebuare langs vegane på Lerstad og Åse, samt frigjere kapasitet i vegnettet for kollektivtransporten.


-    Dette er eit viktig vegprosjekt for Ålesund. Det vil fjerne mykje av trafikken på det overbelasta vegnettet i området. Ikkje mist vil det føre til betre trafikktryggleik for alle trafikantgrupper, seier Nesje. 


Fakta om Bypakke Ålesund


Bypakke Ålesund er eit samarbeidsprosjekt mellom Ålesund kommune, Møre og Romsdal fylkeskommune og Statens vegvesen. 

Det er etablert ei styringsgruppe for arbeidet, med to deltakarar frå kvar av samarbeidspartane. Styringsgruppa blir leia av Ålesund kommune. 

Bypakken blei vedteke av bystyret i Ålesund og fylkestinget i Møre og Romsdal i fjor sommar. Den er sett saman av fleire prosjekt med ein samla estimert kostnad på 3,65 milliardar  kroner. 


I tillegg til E136 Breivika-Lerstad er følgjande prosjekt med i Bypakke Ålesund: 

 

  • Ulike kollektivtiltak, samt tiltak for auka trafikktryggleik og tiltak for gåande og syklande
  • Ny Brosundbru, gate frå Hotel Waterfront til Posthuskrysset
  • Kollektivterminal i Keiser Wilhelmsgate
  • Kollektivknutepunkt ved Ålesund sykehus
  • Miljøgate og kollektivknutepunkt ved NTNU
  • E136 Lerstadtoppen-Campus: Etablering av eit sambruksfelt (kollektivfelt)
  • Tiltak på fv. 60 Blindheim – Flisnes: Sanering av kryss, tilrettelegging for gåande og syklande samt kollektivtiltak
  • Tiltak på E39 ved Myrland: Påkøyringsrampe

Sjå meir informasjon om Bypakke Ålesund i eigen artikkel. 

Til toppen