Har kommunedelsutval fremma lokaldemokratiet?

Har kommunedelsutval fremma lokaldemokratiet?

Ved Høgskulen i Volda har ein sidan hausten 2019 hatt eit forskingsprosjekt om kommunedelsutvala i Ålesund kommune. Dette prosjektet skal i dag presenterast for kommunedelsutvala sitt leiarforum.  

To hoder i profil, med grafikk som indikerer at de har samme idé - Klikk for stort bileteIllustrasjonsbilde Shutterstock

Ålesund kommune er oppdragsgivar for forskingsprosjektet, og både administrasjonen og utvalsmedlemmane har hjelpt masterstudentane og rettleiaren deira undervegs.  

Bakgrunnen for prosjektet er ei forsøksordning Ålesund kommune har i perioden 2019-2023.  
Det går fram av eiga forskrift for forsøket at: 

  • Utvala sjølv vel leiar og nestleiar  

  • Medlemmar under 18 år har ein kortare valperiode på 2 år. 

Styrke lokaldemokratiet 

Formålet med forsøket er å styrke kommunedelsutvala sitt mandat og handlingsrom, samt legge til rette for at fleire ungdomar kan engasjere seg i lokalsamfunnet. Dette vil kunne påverke samfunnsengasjementet, styrke tilliten og trua på lokaldemokratiet. 

Det er tre masterstudentar som har skrive sine masteroppgåver i dette forskingsprosjektet. To av dei var ferdige i juni 2022, og ei er planlagt ferdig tidleg i 2023. Rapporten kommunen har fått tilgang på så langt, og presentasjonen som skal haldast for leiarforumet, er derfor eit førebels produkt. 

Dette kjem fram av rapporten 

Rapporten har peika ut følgande tema som sentrale omsyn ein bør ta stilling til i evalueringa av ordninga med kommunedelsutval: 

  • Medlemmane er jamt over fornøgde med korleis utvala fungerer. 

  • Ein bør ta stilling til om utvala skal vere eit høyringsorgan, eller eit organ som driv med eigne utviklingsprosjekt i lokalmiljøet. Eventuelt bør ein ta sikte på å finne ein balanse som fungerer godt. 

  • Bør ein halde fram med kommunestyrerepresentantar i utvala? Rapporten peiker på positive og negative sider ved dette. 

  • Det vert halde fram som avgjerande at utvala vert støtta administrativt og får behalde dei økonomiske midlane som utvala sjølve styrer. 

Særs givande prosjekt 

For Høgskulen i Volda har dette vore ei positiv oppleving. I rapporten skriv dei mellom anna: 

“For ein institusjon som tilbyr utdanning i administrasjon og samfunnsplanlegging er ny og oppdatert kunnskap knytt til lokaldemokrati særs viktig for å kunne drive god forskingsbasert undervisning.  

 

I tillegg har det vore særs givande for Høgskulen å kunne kombinere forskingsaktivitet i tett samarbeid med masterstudentar som har skrive oppgåver knytt til dette prosjektet.  

 

Det har resultert i oppgåver av høg kvalitet og som har vorte vurdert av ein av dei fremste forskarane på feltet knytt til lokaldemokrati og nærdemokratiorganisering.” 

Professor Bjarte Folkestad har vore rettleiar for masterstudentane under forskingsprosjektet. Folkestad har vore forskar ved Rokkansenteret sidan 2012.

Masterstudentane som har delteke i prosjektet er Marthe Aarøe Alnes, Fredric Holen Bjørdal og Elise Hjelle Sandvik.

Til toppen