Siste nytt

Har inngått kontrakt for ny barne- og avlastningsbustad

Det nye bygget skal ligge i Brisingstubben på Flisnes. Bygget skal vere eit bygg som inneheld fleire ulike tilbod til barn med ulik grad av psykisk utviklingshemming. Ferdigstilling er planlagt til starten av 2024.Illustrasjon av ny barne- og avlastningsbustad - Klikk for stort bilete 

Det er Ålesund kommunale eigedom KF og Consto Midt-Noreg AS som har inngått kontrakt for bygging av ny barne- og avlastningsbustad. Kontrakten er ein totalentreprisekontrakt på kr 91 MNOK ekskl. mva. og ekskl. opsjonar. Consto Midt-Noreg AS har mellom anna med seg arkitektkontoret Streken AS på arkitektonisk utforming og Caverion på tekniske fag.

Betre bygg for barn og unge

Det er Bu- og avlastning i kommunen som skal inn i det nye bygget. Dei held i dag til i leigde lokale som ikkje er eigna. På grunn av utgåande leigeavtale har Ålesund kommune bestemt at Ålesund kommunale eigedom KF skal bygge eit nytt bygg.

Bygget skal innehalde fire bustader der barn skal bu permanent, 12 rom fordelte på fire einingar for barn som treng avlastning no og då, ei akuttleilegheit og ein aktivitetsbase der barn kan vere på ettermiddagar saman med tilsetje. I tillegg skal det vere eit uteområde for brukarane av bygget med ulike aktivitetar. Det er fokus på at bygget skal vere ein heim for dei som skal bu og bruke bygget.

Målet med det nye bygget er at det skal bli eit fleksibelt og funksjonelt bygg slik at Ålesund kommune kan gi gode tenester til brukargruppa. 

Entreprenørkonkurransen

Konkurransen vart gjennomført som ein pris- og designkonkurranse. Etter ei runde med prekvalifisering var det entreprenørane Hent, Veidekke og Consto som leverte inn pristilbod og forslag til arkitektonisk løysing av bygget.

Consto vann konkurransen og var den entreprenøren som samanlagt var best på pris, oppgåveforståing og arkitektonisk heilheit og løysing.

Bygget skal vere eit ZEB-O bygg og skal BREEAM-NOR- Good sertifiserast. I tillegg skal det testast ut elektriske gravemaskiner i anleggsfasen.

Meir om prosjektet.

Til toppen