Koronavirus

Siste nytt

Har du fått faktura om tilsynsgebyr?

Denne veka og neste, sender vi ut faktura for tilsyn på avløpsanlegg og tilsyn på feitt- og oljeavskiljarar. Sjå kvifor du får fakturaen og kva det betyr.  

Utgangspunktet for gjennomføring av tilsyn vil i grove trekk gå ut på fylgjande:

  • Gå gjennom dokumentasjon og registreringar for det aktuelle anlegget
  • Kontroll og oppfølging av tømmerapporter, servicerapporter og årsrapporter
  • Vurdere tømmefrekvens og tilgjenge
  • Kontrollbesøk og/eller inspeksjon (vert varsla)
  • Eventuell prøvetaking av anleggsutslepp og inspeksjon av utsleppspunkt
  • Kontroll av forureining
  • Tilsynsrapport
  • Oppfølging av evt. avvik/pålegg om tiltak

Kvifor har vi tilsyn?

Som forureiningsmyndigheit plikter vi å føre tilsyn med at gjeldande regelverk blir følgt. Dette gjeld utslepp av sanitært avløpsvatn frå mindre avløpsanlegg og mindre tettbygde område, påslepp og utslepp av oljehaldig avløpsvatn og påslepp av feitthaldig avløpsvatn.

 

Årleg gebyr for tilsyn

forskrift om gebyr for saksbehandling, kontroll og tilsyn etter forureiningsregelverket står det mellom anna at kommunen sine kostnadar for tilsyn av avløpsanlegg, og saksbehandling i tilknyting til dette, skal dekkast av eigar av avløpsanlegget.

For feitt- og oljeutskiljarar er det heimelshavar som skal belastast.

 

Kvifor årleg betaling?

Det årlege gebyret er basert på kostnadane for å drive tilsyn, og er ikkje ein del av dei kommunale gebyra. Innkrevjing av tilsynsgebyr er basert på sjølvkostprinsippet og eit eventuelt overskot eller underskot vert innarbeidd i gebyrgrunnlaget for seinare budsjettår.

 

Få oversikt 

Denne veka og neste, sender vi ut faktura for tilsyn på avløpsanlegg og tilsyn på feitt- og oljeavskiljarar. Sjå kvifor du får fakturaen og kva det betyr.  

Kan du klage på gebyret?

Kommunestyret sitt vedtak om gebyrsatsar kan ikkje påklagast.

Prisar

Betalingsregulativ for utøving av mynde etter forureiningsregelverket. (PDF, 239 kB)

Til toppen