Hammer tilsett som kommunedirektør for Haram

Hammer tilsett som kommunedirektør for Haram

Eit einstemmig kommuneutval Haram har tilsett Anders Norvald Hammer som kommunedirektør for Haram 2024.
Portrettfoto - Klikk for stort bileteAnders Norvald Hammer

Anders Norvald Hammer (44 år) vil vere prosjektleiar for Haram 2024, og kommunedirektør for Haram frå 1.1.2024. Han vil byrje i jobben etter avtale, og har oppseiingstid i den noverande stillinga si som kommunedirektør i Sande kommune.

- Vi har vore veldig heldige som har hatt gode og kvalifiserte søkarar til stillinga som kommunedirektør for Haram 2024. Hammer har god erfaring frå kommune og stat, og tar med seg dette inn i planlegging av ein heilt ny kommune. Erfaring frå NAV er særs verdifull, og vil ha stor tyding for tenestene og kvalitet på desse til fordel for innbyggarane. Hammer har gode personlege eigenskapar, og vi tenker at vi her har både ein leiar og ein organisator. Alt i alt er utvalet samde i at vi har fått ein veldig god kandidat og vi ser fram til å starta arbeidet saman med han, seier Siv Katrin Ulla, som er leiar både for rekrutteringsutvalet og for kommuneutval Haram.  

Om tilsettinga

Det var i alt sju personar som søkte stillinga som kommunedirektør i Haram kommune 2024.  Hammer var ein av dei to søkarane som var unntatt innsyn.

Tilsettinga blei gjort 23. september 2022 av eit einstemmig kommuneutval Haram. Dette er eitt av to utval nedsett for å førebu delinga av Ålesund kommune frå 1. januar 2024. 

Til toppen