Gravearbeidet på toppen av Kipervika, og snart også i Røysegata vil endre busstraseen gjennom byen frå 28. mars. Arbeidet som var satt til å ta ti veker opplever noko forseinkingar, men 17. mai toget skal kunne passere, seier Ålesund kommune.
Graving i Røysegata
Røysegata har vore stengt sidan 28. mars. Gravinga som no blir gjort er bestilt av Mørenett. Gravinga er ein del av arbeidet med landstrømanlegget for cruiseskip som skal kome. Ved toppen ved Steinovnen skal ein bore seg ned til Røysegata. Frå Røysegata skal kablane ut til Meierikaia.
Utskifting av kommunale vass- og avløpsleidningar
Ålesund kommune er deltakar i prosjektet og skal skifte ut vassleidningar frå 1910 og avløpsleidningar frå 1930 no når gatene først blir sperra på grunn av boring. Gjennom eit borehol i Gjerdegata får kommunen jobba med å separere overvann i frå avløpsnettet som tidlegare har ført til overløpsdrift og direkteutslepp til fjorden ved mykje nedbør.
Einar Løkken
Marit Brunstad, Sponland foto
- I gravegropene i Røysegata får kommunen kobla ei ny ringleidning på ei stor endeleidning i Sundgata. Dette vil bety økt vannkvalitet for abonnenter som er knyttet til denne leidninga i Sundgata og auka kapasitet ved brann, seier prosjektleiar Einar Løkken.
Tidshorisont for gravinga
Det er forventa graving i Røysegata fram til 25. mai. Det er påskeferie med stans i gravinga i perioden frå 11. til 18. april. Gravinga er forventa å vare i 10 veker framover.
Endring i bussruter og nye busstopp
Buss i Keiserwilhelm
Ålesund kommune
FRAM melder at det i forbindelse med gravinga vil bli nye busstopp i området. Busstoppet i Røysegata vil ikkje bli betent i denne perioden, men alternativ haldeplass blir på toppen av Røysebakken, samt Ålesund rutebilstasjon.
Foreløpig skal busser som køyrer vestover mot sentrum bruke Storledbakken. Men kommunen opplyser at også der vil det bli gravearbeid, noko som vil tvinge fram ein ny busstrasé også der, men dette er foreløpig noko opp og fram i tid.
Bussene som skal vestover til sentrum kan foreløpig køyre over Storledbakken som nå, men denne vil og bli stengt etterkvart. Der er det snakk om å skøyte på fjernvarmen og forlenge denne. Seinere vil ikkje bussen kunne gå over Storledbakken som no, men dette skal vi finne en løysing på. Sjå meir informasjon på FRAM sine nettsider.
17. mai toget får gå som normalt
Tore Rekdal i Ålesund kommune seier at arbeidet vil ta tid, men en ting kan han love.
-Røysegata skal kunne brukast av årets 17. mai tog. For da skal vi sørge for å ha køyreeplater over vegen slik at toget kan passere, seier han.
Endring i soneparkering
For å gje plass til kollektivtrafikken er soneparkeringa endra og det er satt opp fleire stans forbode skilt i gatene på austsida av byen. For bebuarar med tillatelse for soneparkering i sone S som bur i området har Ålesund parkering jobba med å få på plass alternativ parkeringsplass i Aksla. Alle desse plassane er no delt ut, og dei har derfor ikkje fleire alternativ nå. Les meir her: Arbeid i området Røysegata/Keiser Wilhelmsgate - Ålesund parkering AS (alesundparkering.no)