Viktig informasjon om korona

Siste nytt

Gode tenester også i framtida!

Foto fra fjellstuetrappene med byrampen - Klikk for stort bileteÅlesund sett fra fjellstuetrappene med byrampen Christine Rørvik Eit av dei mest kompetente miljøa i Noreg innan omstilling og utvikling i offentleg sektor ser positive muligheiter for Ålesund kommune.  -Som dei fleste andre kommunar må Ålesund  omstille måten vi leverer tenester på i framtida,  seier Rune Holbæk frå  Agenda Kaupang.  

Betydeleg fleire eldre i forhold til tal på yrkesaktive er hovudårsaka til at vi må endre oss:

  • Om vi held fram som no vil vi trenge meir enn dobbelt så mange institusjonsplassar dei neste tiåra.
  • Ingen kommunar vil ha nok innbyggjarar i yrkesaktiv alder til dette.
  • Den grundige analysen som Agenda Kaupang har gjennomført for Ålesund kommune, konkluderer med at vi bør byggje opp, utvide og synleggjere fleire tilbod med ein lavare terskel enn det vil tilbyr i dag.

 

Kommunalsjef for helse og omsorg, Synnøve Vasstrand Synnes - Klikk for stort bileteKommunalsjef for helse og omsorg, Synnøve Vasstrand Synnes  - Dette vil bidra til at innbyggarane kan få auka livskvalitet og meistring av eige liv lenger, og dermed reduserer behovet for meir inngripande tenester. Slik kan vi nytte ressursane våre meir effektivt, og sikre at dei som er avhengig av omfattande hjelp får dette også  i framtida. Særleg må vi tilby meir oppsøkande tenester der folk bur, seier kommunalsjef for helse og omsorg, Synnøve Vasstrand Synnes.

 

Innsatstrapp frå 0-100 er den nye tenkinga!


Ei heilskapleg innsatstrapp frå 0-100 år kallar Agenda Kaupang den nye tenkinga som vert innført i fleire og fleire kommunar, no også i Ålesund. Dei viktigaste satsingsområda og tiltaka skal peikast ut rett over sommarferien. Arbeidet med å kartlegge, planlegge og foreslå tiltak er allereie i gang , og vert  lagt fram til  politisk diskusjon og handsaming umiddelbart etter ferien.

 

Portrettbilete av assisterande - Klikk for stort bileteAssisterande kommunedirektør Bente Glomset Vikhagen Ålesund kommune   - Vi er opptatt av å få formidla innhaldet i rapporten til alle interesserte. Vi ønsker engasjement og innspel slik at fleire perspektiv kjem på bordet. Denne involveringa er avgjerande for å lukkast med dei endringane som trengs. Skal vi møte framtida med dei nødvendige endringsmusklane må vi arbeide saman, og det gjer vi  best dersom vi har felles kunnskap og forståing, seier assisterande kommunedirektør, Bente Glomset Vikhagen.


Vi må peike ut ei retning saman!

Rapporten frå Agenda Kaupang er forholdsvis omfattande, og det kan vere nyttig å lytte til presentasjonen som Agenda Kaupang hadde i formannskapsmøte den 27.mai, eller ei framlegging av hovudkonklusjonane som vart lagt fram til kommunestyret 17. juni.

 

- Saman skal vi no peike ut ei retning og  ein veg, og eg er heilt sikker på at vi har mange bidragsytarar i arbeidet med å sikre gode samfunn og tenester også i  framtida, seier Bente Glomset Vikhagen.

Dokument og presentasjonar: 

Til toppen