Kommuneutval Ålesund har formannskapssalen som møtestad
Jon Åge Giske Andersen
Utvala skal denne gangen ta for seg fleire tekniske politiske saker. Mellom anna skal ein sjå på reglementa for godtgjersle, for folkevalde sine arbeidsvilkår og delegeringsreglementet. Det er ikkje alle saker som er oppe i begge utvala, men alle er viktige for å ha spelereglane klare til dei to nye kommunene skal settast i verk.
I møtet får begge utval orienteringar frå administrasjonen om dei ulike prosjekta i kommunedelinga, om profesjonell kunst og kultur, og ei orientering frå det lokale kyrkjelege fellesrådet. Dei fleste av desse vert gjort digitalt for begge utvala, sidan dei har ulike møtestadar.
For å sjå direktesendingane frå utvalsmøta, kan du klikke deg inn på KommuneTV.
Kommuneutval Haram
Kommuneutval Ålesund
Sakspapira til begge møta kan du finne i Innsyn, anten for kommuneutval Haram, eller for kommuneutval Ålesund.