Fullklaff med prøveprosjekt

Med bruk av båt fekk Ålesund kommune tømt septiktankar som ein tidlegare ikkje har nådd tak i.

septikktøming med slange til båt - Klikk for stort bileteMed rekkevidde på 100 meter frå båten nådde ein tak i tankar som ikkje hadde vorte tømte på mange år og innbyggarane var svært glade for at det no vart ordna opp i.

I sommar hadde Ålesund kommune og Årim ein tur i mellom anna Ellingsøyfjorden på testprosjekt med båt.

Målet med prosjektet var å sjå om ein greidde å tøme private avløpsanlegg som ein av ulike grunnar ikkje når tak i med bil og vanleg tømeutstyr.  

I tillegg til tøming fekk Vatn og avløp i Ålesund kommune også tatt tilsyn med mellom anna eigedomar på øyane i Ellingsøyfjorden.

Glade for besøk

Egil Hoel, ingeniør i Vatn og avløp i Ålesund kommune, fortel om eit  vellukka prøveprosjekt.

Med utstyret som var om bord i båten hadde vi ei rekkevidde på 100 meter og nådde tak i tankar som ikkje hadde vorte tømte på mange, mange år. Vi opplevde også at innbyggarane vart svært glade for at vi no kom og ordna opp i dette.

No vil ein ta med erfaringane frå testrunden til å sjå på mellom anna om dette kan brukast andre stader og kva det vil koste dersom ein vel å gjere dette til ei fast ordning.

båt ved kai - Klikk for stort bilete
båt ved kai - Klikk for stort bilete
tankar på båtdekk - Klikk for stort bilete
båt ved kai - Klikk for stort bilete
båt ved kai - Klikk for stort bilete