Frivilligheitas år: Skøye Teaterlag

Frivilligheitas år: Skøye Teaterlag

Denne månaden her skal vi gi litt ekstra heider til Skøye Teaterlag. Dei vart oppretta allereie i 1999. Sidan den gong har det vorte sett opp revyar, syngespel, humorkveldar og meir. Bli betre kjent med dei her!Foto av medlemmene i Skøye teaterlag - Klikk for stort bilete 

Teaterlaget omtalar seg sjølv som allsidig, engasjert og sosial gjeng som trivst i kvarandre sitt selskap. Dei ønskjer å vere ein viktig del av kulturtilbodet i Skodje. Formålet med laget er å arbeide for amatørteatersaka, og bidra til å gjere det lokale kulturtilbodet og det sosiale trivselstilbodet rikare for alle i bygda. 

Det største engasjementet hos oss er nok oppsetning av revy, humorkveldar og syngespel som vi arbeider med frå haust til vår. Vi skriv alle tekstar sjølv, diktar songar og finn opp figurar. Vi har auge og øyre opne gjennom året, og får med oss stort og smått som vi kan bruke i ein sketsj. På denne måten kan vi ta opp aktuelle spørsmål og hendingar, skape sosialt engasjement og mane til debatt og ettertanke. Vi prøver heile tida å tenke nyskapande og kreativt for å trekke eit breiare publikum, og vi kan stolt seie at vi har pusha våre eigne grenser. 

Treng fleire eldsjeler

Når pandemien slo ut vart teaterlaget litt rådlause, men fann ut at dei måtte vere aktive på nett.

Det blei julekalender i 2020, og året etter lagde dei påskekrim med mordgåte. Når landet opna igjen inviterte dei hausten 2021 til Haunted House på Halloween.

- Alle desse prosjekta var nye for oss, men vi storkoste oss med planlegging og utføring. 

Har DU interesse for skodespel, forfatting av tekstar, styre lys- og lydanlegg, vere med å rigge scene, sy kostyme, legge sminke eller anna? Då treng Skøye Teaterlag deg!

Meir informasjon? Skøye Teaterlag finn du på Facebook.

Frivilligheitas år

Heile Noreg skal markere at 2022 er Frivilligheitas år. I Ålesund kommune blir det ei rekke små og store markeringar så det er berre å glede seg. 

Innbyggartorga / Frivilligsentralane i kommunen vil ved hjelp av alesund.friskus.com markere året med blant anna å heidre frivillige lag og organisasjonar i kommunen vår.

Vi vil presentere eit frivillig lag eller organisasjon i kvar månad i heile 2022. Desse er sjølvsagt brukarar av Friskus. Vi startar no i februar og avsluttar januar 2023.

Til toppen