Frivilligheitas år: Ørskog Historielag

Frivilligheitas år: Ørskog Historielag

Ørskog historielag vart skipa i 1985. Laget har som formål å ta vare på kunnskapen om fortida til dei bygdene som ligg i Ørskog. Vidare vil laget arbeide for at folk skal få ta del i den kunnskapen. Bli kjent med historielaget her!Historielaget opning kvernhus - Klikk for stort bilete 

Gjennom å samle inn folkeminne og anna tradisjonstilfang og spreie desse nyhendene, gje ut bøker og tidsskrift, eller halde kurs og foredrag gjer laget ein stor jobb for at bygdefolket skal verte opplyst om fortida si og slekters gang, samt å ta vare på viktige minner.

Laget har satsa på å gi ut ei årbok kvart år. Dei tek vare på og nytta Paktarhuset og smia på Prestegarden som eigast av ØH. Dei arrangerar samlingar og kveldsseter, nyttar også Paktarhuset til lolkalmuseumsgjenstandar, arkiv m.m. Laget jobbar med å registrere gamle bilete og held vedlike mykje av dei lokale merka i bygda som malmbanetraseen frå Liafjellet, kraftstasjon i Ørskogelva, kvernhus i Wensellelva og Den Trondhjemske Postvei gjennom Ørskog. Med andre ord gjer Ørskog Historielag ein formidabel innsats for å halde vedlike minna frå gamle dager. Ein viktig jobb!

Aktiv brukar av Friskus

Ørskog Historielag har ca. 340 medlemmer – med plass til fleire – neste mål er 400! Er du interessert i fortida til bygdene som ligg i Ørskog? Finn ut meir på orskoghistorielag.org eller send ein mail til leiar ragnar.e.bakken@gmail.com.

Ørskog Historielag er sjølvsagt også fått seg ei arrangørside på kommunens aktivitetskalenderen Friskus.

Tusen takk til laget for ein formidabel jobb for å ta vare på historien vår i bygdene rundt om! Vi i Ålesund kommune takkar for informasjon og at vi får heidre Ørskog Historielag no i Frivillighetens år 2022. Vi skulle ha heidra laget og fleire lag heile tida!

Frivilligheitas år

Heile Noreg skal markere at 2022 er Frivilligheitas år. I Ålesund kommune blir det ei rekke små og store markeringar så det er berre å glede seg. 

Innbyggartorga / Frivilligsentralane i kommunen vil ved hjelp av alesund.friskus.com markere året med blant anna å heidre frivillige lag og organisasjonar i kommunen vår.

Vi vil presentere eit frivillig lag eller organisasjon i kvar månad i heile 2022. Desse er sjølvsagt brukarar av Friskus. Vi startar no i februar og avsluttar januar 2023.

Til toppen