Frivilligheitas år: Harøy Helselag

Frivilligheitas år: Harøy Helselag

No i september skal du få bli betre kjent med Nasjonalforeningen for folkehelsen med Harøy helselag. Ein frivillig organisasjon som arbeider for å bekjempe hjerte/kar sjukdomar og demens.To blide kvinner bak eit bord med ei symaskin - Klikk for stort bilete 

På bildet ser du to blide damer som fekk sponsa ei symaskin til ungdomsklubben " Kvalen", i samarbeid med Steinshamn innbyggartorg. Dette fekk helselaget tilskot frå fylkesstyret til førebyggjande folkehelsearbeid for barn , unge og eldre. 

Harøy helselag vart stifta i 1920 , og har ein lang tradisjon for å fremme helse og trivsel i lokalsamfunnet.
På årsmøtet i mars feira vi forsinka 100 årsdagen med god mat, sang og musikk og høgtlesing om historia til helselaget fortel Aud Paulin Birkelund Vasstein som er leiar for laget. 

I mai feira vi hjerteuka med ein hjertemarsj i naturstiane på Harøy , med sosialt samvær etterpå med vaffler og quiz. Prosjekt som " Gå med oss " og " Frivilligheitas år 2022 " vart markert. Demensaksjonen i september og markering av Alzheimerdagen , vert markert ved å gå rundt med bøsser til husstandane. Pengane blir brukte til forskning og på tiltak i lokalmiljø, seier Vasstein.

Harøy helselag søker og på midlar slik som demensaksjonsmidlar og folkehelsemidlar, som kjem lokalmiljø til gode. Dette gjeld aktivitetstiltak som grillar, hagebenk , symaskin, bingomaskin, piano, elektrisk trehjulssykkel, kosedyr eller dokker for eldre, teiknesaker, spel og garnutstyr etc.

- Vi støttar og strikkeklubb og gågruppe. Vi har levert frukt til elevar på skulen ved "Hopp for hjerte "prosjektet under hjerteveka.

Harøy helselag har arrangert opne informasjonsmøter om demens. Helselaget har og vore med på å stelle i stand integreringssamankomst for framandspråklege på Harøy med middag og underhaldning i desember 2021 med midlar frå kommunen.

Våre verdier i lokalsamfunnet er : Omsorg , solidaritet trivsel og kvalitet.

Følg arbeidet til helselaget på Facebook.

Frivilligheitas år

Heile Noreg skal markere at 2022 er Frivilligheitas år. I Ålesund kommune blir det ei rekke små og store markeringar så det er berre å glede seg. 

Innbyggartorga / Frivilligsentralane i kommunen vil ved hjelp av alesund.friskus.com markere året med blant anna å heidre frivillige lag og organisasjonar i kommunen vår.

Vi vil presentere eit frivillig lag eller organisasjon i kvar månad i heile 2022. Desse er sjølvsagt brukarar av Friskus. Vi startar no i februar og avsluttar januar 2023.

Til toppen