Frivilligheitas år: Haramsøy Idrottslag

Frivilligheitas år: Haramsøy Idrottslag

No i juli vil vi gi litt ekstra heider til Haramsøy Idrottslag (HIL) som i ei årrekke har drive med forskjellige aktivitetar som bind bygdefolket saman. Bli kjent med dei her!Dykkere vinker fra sjøen - Klikk for stort bilete 

Idrottslaget vart skipa allereie i 1946. Det har også i ei årrekke vore treningssenter på Haramsøy, drifta av laget. I 2020 vart dei ferdig med grøvste oppussing av lokala til treningssenteret og siste finpuss vart gjort i 2021. Treningssenteret har då fått nytt golv, musikkanlegg og ein del nytt treningsutstyr. Nyopning av treningssenteret vart feira sommaren 2021.

I tillegg til treningssenter er HIL medarrangør på fridykkingskurs på Ulla. Dei jobbar no med å finne eit eigna lokale på Haramsøy for drakter og utstyr som kan leigast ut i samband dette.

- Måndags-trimmen er eit fast og populært innslag i kvardagen til mange treningsglade på øya. Der driv dei med stepp, styrke og aerobic. Dette har gått føre seg tildels utandørs i pandemitida, men til vanleg  innadørs på Haramsøy Samfunnshus.

Aktivitet inne og ute

Gjennom året har dei også ei rekkje turmarsjar og Øyamarsjar som går føre seg på forskjellige turområde på øya. Dei har også hatt trekning med premiar og diverse andre konkurransar gjennom pandemitida. Det har ikkje mangla på oppfinnsam der. 

- Laget arrangera også i vanlege år jonsokfeiring på Austnes, og Havgapløpet i forbindelse med Havgaprock går føre seg på fjellet frå Ulla sida.

Stormyrhytta ved vatnet Stormyra på fjellet på Haramsøy, har det vore ei rekke dugnadar for både å få bygge og vedlikehalde hytta. I seinare tid har det kome både levegg og eit rekkverk med meir. Frakt av materiale har dei fått til med hjelp av turglade øybuarar med fleire, som har bert med seg planke etter planke opp til hytta. 

- HIL har ei barnetrimgruppe som er aktiv. Det er for små barn før skulealder. Det er stor aktivitet når den gjengen samlast. HIL søkte om meir støtte for fleire leikeelement til gruppa, og støtte fekk dei. Fleire skumelement vart då kjøpt inn til barnetrimmen.

Når snøen kjem er det ikkje fritt før idear til å lage spor til skiløyper og med litt samarbeid mellom Haramsøy og Lepsøy vart det sporleggar og testing av dette med ATV og traktor.

HIL har gjennom åra hatt mange fine og kjekke arrangement, så det som er nemnt over her er berre nokre av dei.

Dette skjer i 2022

I året som kjem vil HIL sette noko av fokuset rundt Stormyrhytta og vedlikehald av denne. Dette er ei hytte som er godt brukt av turglade øyfolk og også LHL har vore ein tur eller to dit. Godt tiltak. Treningssenteret blomstrar for fullt og folk trenar frå morgon til kveld, rapporterast det frå Haramsøy Idrottslag! Det er godt å høyre.

- Tusen takk til Haramsøy Idrottslag som gjer så mykje fint arbeid og dugnad for at folket skal ha det bra både sosialt og på trening. Oppmoding til å bruke naturen både for store og små står sterkt i fokus hos HIL! Takk for dugnadsånda og for alt de gjer for folkehelsa!

Haramsøy Idrottslag brukar sjølvsagt kommunen sin aktivitetskalender Friskus og du kan følge sida deira.

Frivilligheitas år

Heile Noreg skal markere at 2022 er Frivilligheitas år. I Ålesund kommune blir det ei rekke små og store markeringar så det er berre å glede seg. 

Innbyggartorga / Frivilligsentralane i kommunen vil ved hjelp av alesund.friskus.com markere året med blant anna å heidre frivillige lag og organisasjonar i kommunen vår.

Vi vil presentere eit frivillig lag eller organisasjon i kvar månad i heile 2022. Desse er sjølvsagt brukarar av Friskus. Vi startar no i februar og avsluttar januar 2023.

Til toppen