Siste nytt

Frivilligheitas år: Borgund Dyreklubb

Bli betre kjent med plassen for alle som elskar dyr og natur - Borgund Dyreklubb. Gjennom positive opplevingar med dyr og fellesaktivitetar oppleve born og unge meistring og læring, trivsel, integrering og inkludering. Foto av hest og barn i en stall - Klikk for stort bilete 

Dyreklubben vart starta i 1979 av sokneprest Inge Eidhamar. Prestegårdsløa i Borgundgavlen sto tom, og han fekk ein idè om å starte opp med dyr og bruke løa som ein aktivitet for barn og unge i området. Ein verkeleg god idè! Etter kvart har Dyreklubben vekst seg større og større, og i 2019 overtok Ålesund kommune ansvar for drifta. 

Besøksgarden til kommunen

På Borgund Dyreklubb er det mykje aktivitet og det bur hestar og ponniar, griser, høne, ende, kalkunar, geiter og sau, kanin, marsvin, chinchilla, vaktlar, katta og mange fuglar på garden.

Dyreklubben drivast av to kommunale deltidstilsette, styringsgruppa som er samansett av representantar frå fleire kommunale verksemder, og mykje frivillig innsats. For å koordinere og støtte det frivillige arbeidet på garden, blei Borgund Dyreklubb Frivillig Organisasjon (BDFO) etablert. BDFO bidrar til mellom anna vidareutvikling av tilbod, uteområde og aktivitetar, søke om tilskot, støttar og sett i gang prosjekt og kurs.

Gratis tilbod og med sosial inkludering som formål

I dag kan Dyreklubben tilby ein god del gratis aktivitetar for born og unge, som f.eks. AKTIV LØRDAG der deltakarane lære om dyr og dyrestell, har nærkontakt og kosetid med dyra, er aktiv utandørs og har flotte opplevingar i lag med andre. 

Garden har heilårsdrift og aktivitetar både på vekedagar og helg. Om lag 50 barn og unge deltek på fast gruppeaktivitet, og fleire foreldre og frivillige engasjerer seg for klubben, spesiell på laurdagar og søndagar med fôring og stell av dyr og vakt ved arrangement. Mange synes at «hest er best» og garden har i tillegg til gruppeborn ca. 20 hestejenter/fôrryttere i stallen og nokon få stallgutar.

I tillegg kjem faste tiltaksplassar på dagtid for elevar frå grunnskulen og tiltaksplassar for elever frå VGS (tilrettelagt opplæring). Borgund Dyreklubb har også godt samarbeid med NAV, BRISK, Vaksenopplæring og FriOmsorg og tilbyr bl.a. arbeids- og språktrening for ungdommar og vaksne.  

I fellesferien er det ferieaktivitet og sommarskole på garden, aktivitets- og temadagar, riding for born, ridetimar, bursdagsfeiring og spanande arrangement for hele familien. Borgund Dyreklubb tilbyr også gruppebesøk med pedagogisk opplegg for barnehagar og skuleklassar. Garden er open for «vanleg» besøk alle dagar kl. 12 – 18, gruppebesøk må avtalast på førehand. 

Meir om Borgund Dyreklubb

Frivilligheitas år

Heile Noreg skal markere at 2022 er Frivilligheitas år. I Ålesund kommune blir det ei rekke små og store markeringar så det er berre å glede seg. 

Innbyggartorga / Frivilligsentralane i kommunen vil ved hjelp av alesund.friskus.com markere året med blant anna å heidre frivillige lag og organisasjonar i kommunen vår.

Vi vil presentere eit frivillig lag eller organisasjon i kvar månad i heile 2022. Desse er sjølvsagt brukarar av Friskus. Vi startar no i februar og avsluttar januar 2023.

Til toppen