Frivilligheitas år: Ålesund speidergruppe

Frivilligheitas år: Ålesund speidergruppe

Formålet med speidaren er å hjelpe ungdommar med å bli sjølvstendige og ansvarlege i samfunnet. Og så skal det vere gøy.

Ålesund speidargruppe held til midt i Ålesund sentrum på Speidernes hus i Kipervikgata, og har i dag rundt 20 aktive medlemer fordelt på tre ulike alderstrinn. Derfrå er vegen kort til Byparken, men det blir halde møte på andre stader som Tueneset eller Stavsethneset.

Gruppa vart starta på sjølvaste 17. mai 1928, og er stolt av å vere ein av få grupper som har halde på sidan speidinga kom til byen.

Formålet med speidaren har ikkje endra seg så mykje frå start, som er å hjelpe ungdommar med å bli sjølvstendige og ansvarlege i samfunnet.

Det er viktig for oss at speidarar får prøve seg sjølv, og me bruker naturen som "øvingsstad" for å klara seg. Me deler speidarane inn i patruljar, og dei får øve seg på å leie patruljen i ulike situasjonar. I tillegg må ein dele på ansvaret på turar og leir, slik at nokon lagar mat og andre høgg ved eller hentar vatn. Men det viktigaste er å ha det gøy, sjølv grunnleggjaren Sir Baden-Powell sa at "viss det ikkje er gøy, er det ikkje speiding".

Speidarar driv med mykje ulikt, som å lære om matlaging i naturen, knyte knutar me bruker for å bygge våre eigne bord på leir, reise på spennande sommarleirar, lære å bu i telt, lage ulikt utstyr som kan vere nyttig på tur, og mykje, mykje meir. Me er også glade i å leika, og har ofte leirbål på turar der me syng og leikar rundt bålet. Det er kanskje det koselegaste som finst! Sjå også etter speidarane i toget på 17. mai, då dansar og syng me oss gjennom gatene med leirbålfavorittane våre.

Me deler barn og unge inn i tre ulike alderstrinn, småspeidarflokk (3.-4. klasse), tropp (5.-10. klasse) og rover (16 år og oppover). Småspeidarane har møte tysdagar 18.00-19.15, troppen har møte torsdagar 18.00-19.30 og roverane møtest når dei har lyst og er meir eller mindre sjølvstyrte.

Me tek inn nye speidarar i august, så følg med på Friskus rundt skulestart!

Meir om Ålesund speidergruppe

Frivilligheitas år

Heile Noreg skal markere at 2022 er Frivilligheitas år. I Ålesund kommune blir det ei rekke små og store markeringar så det er berre å glede seg. 

Innbyggartorga / Frivilligsentralane i kommunen vil ved hjelp av alesund.friskus.com markere året med blant anna å heidre frivillige lag og organisasjonar i kommunen vår.

Vi vil presentere eit frivillig lag eller organisasjon i kvar månad i heile 2022. Desse er sjølvsagt brukarar av Friskus. Vi startar no i februar og avsluttar januar 2023.

Til toppen