Frivilligheita sitt år: Ørskog og Skodje husflidslag

Frivilligheita sitt år: Ørskog og Skodje husflidslag

Laget vart stifta 3. mars 1986, og har i dag ca. 50 medlemmar som er jevnt fordelt på dei to bygdene. Med glede i mangfold, holder dei norske tradisjoner levande. Bli betre kjent med husflidslaget her!

Flere blide kvinner strikker - Klikk for stort bilete

Du finn dei som oftast på Sjøholt småsenter, Sjøholtvegen 5, der dei arrangerar ulike kurs: 

  • Brodering og montering av bunadskjorte (Berte Melle skjorta)
  • Brodering av bunad
  • Bunadskaut
  • Skinnfellkurs
  • Sømkurs m.m.

Dei har kvelder med bunadsverkstad innimellom kursa som er nemnd over, der ein kan kome saman og brodere. Laget har eit eige rom med vevstolar der medlemmane kan få arbeide med eigne ting, og vevgruppa møtast kvar tysdag.

Det vert også arrangert medlemsmøte, husflidmøte og strikkekafe. Dei vert annonsert på facebooksida vår pr. i dag, og det vert sendt ut på epost.

Aktiv brukar av Friskus

Husflidslaget har sjølvsagt ei arrangørside på Friskus, kommunens aktivitetskalender og du kan følge sida.

Laget har også tilbod om Ung husflid, men det har lagt litt nede no i koronatida.

Ørskog/Skodje Husflidslag ønsker alle velkomne som medlem. Om du vil vite meir kan du kontakte Ireen Eriksson Sjøholt på epost ireen@myrane.no eller ringe 91 63 28 01.

Ålesund kommune vil heidre laget og takket for god jobb til husflidslaget for å oppretthalde kunsten med brodering, veving og sying. Håpar de driv på i mange år framover!

Frivilligheita sitt år

Heile Noreg skal markere at 2022 er Frivilligheita sitt år. I Ålesund kommune blir det ei rekke små og store markeringar så det er berre å glede seg. 

Innbyggartorga / Frivilligsentralane i kommunen vil ved hjelp av alesund.friskus.com markere året med blant anna å heidre frivillige lag og organisasjonar i kommunen vår.

Vi vil presentere eit frivillig lag eller organisasjon i kvar månad i heile 2022. Desse er sjølvsagt brukarar av Friskus. Vi startar no i februar og avsluttar januar 2023.

Til toppen