Fristen snart ute for Haram-stillingar

Det er for tida fleire utlyste stillingar i det som skal bli Haram kommune. Her får du ein rask gjennomgang, og ei lenke til meir informasjon. Søknadsfristen er 11. juni.

Tenestehuset i Brattvåg - Klikk for stort bileteTenestehuset i Brattvåg

Du kan finne alle dei utlyste stillingane på kommunen si heimeside.

For Haram 2024 ligg det for tida ute:

  • Rådgivar økonomi
  • Økonomimedarbeidarar
  • HR-sjef
  • Organisasjonsrådgivar
  • Politisk sekretær
  • Arkivleiar

Engasjerte menneske

Stabssjef Petter Sortevik fortel at dei ser etter menneske som engasjerer seg i oppgåvene sine og ser etter gode løysingar, til det beste for innbyggarane i Haram 2024. 

Rådgivarstilling innan økonomi: Vi er ute etter ein engasjert medarbeidar med høg kompetanse innan økonomiområdet. Personen vil få eit medansvar inn i økonomistyring i Haram kommune. Les meir.

Økonomimedarbeidarar: Her er det to stillingar som er utlyst. Vi ser etter strukturerte og samarbeidsvillige personar med erfaring frå rekneskap og løn. Les meir.

HR sjef: Vi vil ha ein dyktig medarbeidar, gjerne med erfaring innanfor HR området, med systemforståing og klokskap. Les meir.

Organisasjonsrådgivar: Personen skal jobbe tett i lag med kommunedirektørens stab i utviklinga av organisasjon og skal ha eit spesielt blikk på digitalisering. Samhandling vil ha eit særskilt fokus i dette arbeidet. Les meir.

Politisk sekretær: Denne stillinga er bindeleddet mellom administrasjon og politikk og vil vere ei særleg viktig stilling i den nye kommunen. Les meir.

Arkivleiar: Vi skal ha god ivaretaking av dokumentforvaltning og arkiv og treng ein dyktig medarbeidar som kan bidra til dette. Les meir.

Bidra i bygginga av to nye kommunar

Alle desse skal jobbe inn mot prosjekt kommunedeling, dette vert ein viktig del av arbeidet. Dei skal bidra i ulike prosjekt i bygging av dei to nye kommunane. Dei vil ha ei delt ansvarslinje mellom dagens Ålesund kommune og den nye leiinga i Haram 2024. 

Søknadsfristen er den 11. Juni, ny stabssjef i Haram kommune ser fram til arbeidet med rekruttering av nye medarbeidarar til Haram kommune. 

«Fleire nøkkelstillingar vil bli lyst ut før ferieavvikling, enda fleire stillingar lysast ut over sommaren i samråd med dagens Ålesund kommune», seier påtroppande kommunedirektør for Haram 2024, Anders Hammer.