Siste nytt

Fredag 19. februar kl. 18.44: Nytt tilfelle av mutert virus – kommunane oppmodar om å ha få nærkontaktar i vinterferien!  

Koronavirus, shutterstock - Klikk for stort bileteKoronavirus, shutterstock Ålesund kommune har fredag 19. februar fått stadfesta frå Folkehelseinstituttet (FHI) eitt nytt tilfelle av den britiske mutasjonen av koronaviruset. 

Eit nytt smittetilfelle av den britiske mutanten i Ålesund 

  • Ålesund kommune fekk i dag 19. februar melding frå Folkehelseinstituttet om at ytterlegare ein person har testa positivt for den britiske mutanten. Personen testa positivt 10. februar for koronavirus, og prøven vart sendt til FHI for sekvensering. (Dette er det andre tilfelle av den britiske mutasjonen, kommunen meldte det første i går 18.02.)
  • Vedkomande var nærkontakt til ein smitta som bur i Sula kommune. Det er mistanke om at også denne personen er smitta med det muterte viruset. Dette er enda ikkje stadfesta.
  • Det er så langt ikkje påvist fleire smittetilfelle som sikkert kan knytast til dette utbrotet, men det vert undersøkt.
  • Alle definerte nærkontaktar har testa negativt både ved 1. og 2. test i karantene så langt. Vi gjennomgår no alle svara og sikrar oss at alle vert testa mot slutten av karantenetida.

 

-Situasjonen er framleis oversiktleg og det er derfor ikkje grunn til å avvike frå dei nasjonale råda og reglane.  Desse gjeld framleis både for Ålesund og Sula. Vi vil vurdere kontinuerleg framover om det er behov for å gjere endringar. Det viktige no er å følgje råda, slik at vi kan slå ned dette utbrotet. Derfor oppmodar vi innbyggarane våre til å avgrense reiseaktiviteten og ha låg terskel for testing, seier kommunedirektektørane  Astrid Eidsvik og Leon Aurdal.

 

Status frå Sula kommune 

Sula kommune har no tre personar i isolasjon. Personen som er mistenkt smitta med den britiske mutanten er ute av isolasjon og ikkje lengre smittsam.

Foreløpige analyser viser at dei tre som sit i isolasjon ikkje er smitta av den britiske varianten. Vi har ein teori om smittevei, men dette er foreløpig ikkje stadfesta. Vi ser tilknytning til tidligare smittetilfelle i kommunen.
 

-Vi har i dag testa breitt for å forsøke å finne smittekjelda til personen som var mistenkt smitta med det muterte viruset. Vi har god testkapasitet og ønskjer at alle med sjølv lette luftvegssymptom tar kontakt for testing på c19.no, seier kommuneoverlege Marianne Kolsvik Bjerkevåg.



Reis gjerne på hytta – men ha få nærkontaktar!

Vinterferien startar no. Ålesund og Sula kommune kjem med denne oppmodinga i lys av smittetilfelle med den britiske mutasjonen her:

«Reis gjerne på hytta i vinterferien, men oppfør deg som om du er heime, ha få nærkontaktar, unngå køer og folkeansamlingar, ha få gjestar og følg dei nasjonale råda! «

 

- Vi må fortsatt ta smittevernet på alvor – og vi kjem med ei oppmoding til innbyggarane om å unngå å ha for mange nærkontaktar, avgrens reiseaktiviteten og ha låg terskel for testing, seier kommuneoverlege Olav Mestad.

 

Vi minner om smitteverntiltaka som du finn på helsenorge.no. Dei viktigaste er:

  • Hald deg heime om du er sjuk og test deg.
  • Hald god avstand til andre – minst 1 meter.
  • Avgrens tal på nærkontaktar.
  • Ha god hand- og hostehygiene.

 

Ha låg terskel for testing!

Ålesund og Sula oppmodar innbyggarane om å ha låg terskel for å teste seg for koronavirus. Kommunane har digital bestilling av testing og kapasiteten er god på teststasjonane.

Bestill testing for korona Ålesund kommune

Bestill testing for korona Sula kommune

Til toppen