Siste nytt

Framdrift vaksinasjon i Ålesund. 

Ålesund kommune er no godt i gang med å vaksinere bebuarane på sjukeheimane. Meldinga frå styresmaktene er at vi skal utnytte alle fullverdige vaksinedosar. Det betyr at kommunen har fått vaksinert nokre fleire enn vi rekna med i første runde. I løpet av fredagen vert dei siste vaksinene satt i denne runda.Klikk for stort bileteVaksineringa i Ålesund pågår. 

Dei førebelse melding frå vaksineforsyninga ved Folkehelseinstituttet viser at Ålesund kommune neste veke får 145 nye vaksinedoser. 

Fullfører vaksinasjonen på sjukeheimane

-Vi kjem då til å fortsette med vaksinering av bebuarar på sjukeheimane. I tillegg vil kommunen kunne gi vaksine til nokre få utvalde helsepersonell i kritiske funksjonar, seier kommuneoverlege Olav Mestad.

Kommunen kan bruke inntil 20% av dosene til å vaksinere helsepersonell. 
I neste runde startar vi vaksinering av dei som er over 85 år. Vaksineringa av denne gruppa vil skje i tett samarbeid med fastlegar, bufellesskap og heimesjukepleien. 

Får melding frå fastlegane

-Dei som skal vaksinerast no, blir plukka ut frå listene til fastlegane, basert på alder. Kvar enkelt pasient får då tilbod om timeavtale for vaksinasjon av sin fastlege eller sitt fastlegekontor, seier Mestad. 

Fastlegane vil gi beskjed om timeavtale for dei som får tilbod om vaksina først. Dei ulike fastlegekontora får eitt visst antal vaksiner til disposisjon. 
Dei som får vaksina, vil også få beskjed om når dei skal få dose nummer to.

Det skjer etter tre veker for  Pfizer/BioNtehc si vaksine,  og fire veker for Moderna-vaksina. I løpet av januar og februar regner vi med å få tildelt avgrensa mengde vaksinedoser til Ålesund kommune.

Vaksinerer først der smittepresset er størst

Ålesund kommune har vald å starte vaksinasjon på sjukeheimane i sentrum, men i går fekk også sjukeheimen på Harøy vaksinere nokre bebuarar.

Bakgrunnen for dette valet, er at smittepresset er størst i Ålesund sentrum akkurat no. Seinare vil vaksinen bli fordelt etter folketalet i dei ulike kommunedelane.

Ålesund kommune vil no fortsette vaksinasjonen av den gruppa som er prioritert som nummer ein. Når vi er ferdig med denne gruppa, held vi fram vaksineringa av prioriterte grupper, slik rettleiaren til Folkehelseinstitutt legg opp til. Denne rettleiaren skal også fastlegane følgje.

Eigen påmelding når vaksinasjonen av store grupper startar

Alle som skal vaksinerast no, må ha fått tilbod om time med fastlege. Seinare, når ein skal starte med vaksinasjonar i større delar av befolkninga, legg Ålesund kommune opp til digital påmelding eller påmelding på telefon. 

-Då vil innbyggarane kunne få ein time for vaksinasjon hos etablerte kommunalt drevne vaksinestasjonar eller hos fastlegen og lokale helsesenter, seier Mestad. 

Ålesund kommune får kvar veke nye sendingar med vaksiner. Det kan variere frå veke til veke kor mange dosar ein får. Vaksinedosane vert fordelt sentralt.

Til toppen