Viktig informasjon om korona

Siste nytt

Framdrift i vaksineringa - dei som fyller 55 år kan snart få vaksine!

Vaksineillustrasjon - Klikk for stort bileteVaksineillustrasjonÅlesund kommune har fredag 4. juni lagt ut nye timar for dei som har fylt 60 år. Måndag 7. juni kl. 08.00 kan dei som fyller 55 år i 2021 og eldre også bestille seg time til vaksinering. 


Vaksine for dei som har fylt 60

Dei som har fylt 60 år eller eldre kan no sjølv bestille time til vaksinering. Fredag 4. juni la kommunen ut 833 tal dosar. Dette gjeld for vaksinering 11. juni og 15. juni. 
 

Dei som har er 55 år kan snart få vaksine!

Måndag 7. juni kl. 08.00 kan dei som fyller 55 i år eller eldre bestille time for vaksinering. Det blir lagt ut ca 2 000 dosar. Dette gjeld for vaksinering 17. juni, 22. juni og 24. juni.  Denne vaksineringa skjer i Sparebanken Møre Arena.

Slik bestiller du time for vaksinering:

Bestill time for vaksinering


Nye timar kvar måndag
Kvar måndag kl. 08.00 blir det lagt ut nye timar til vaksinering.  Kommunen vil gradvis gå ned i aldersgruppene som får tilbod om vaksine. Dette kan bli annonsert på kort varsel på kommunen si heimeside. Det er 12 veker mellomrom på dose 1 og dose 2.


Vaksinering for risikogrupper
Ålesund kommune har sett av dosar til personar i risikogruppene som ennå ikkje har fått vaksina.

Kommunen driv med kartlegging for å sikre at alle i risikogruppene får tilbod om vaksine. Er du i risikogruppene 5-6-7, og ikkje har fått vaksine, så må du kontakte fastlegen din. 

Følg med på vår vaksineside for statusoppdateringar 

Til toppen