Siste nytt

Frå politiet 23.01 kl. 17.30: Status om brannen på Aspøya

Bilde av brannen i Steinvågen - Klikk for stort bileteBilde av brannen i Steinvågen Politiet har sendt ut en pressemelding om status for arbeidet med brannen på Aspøya: Klokka 05.45 laurdag morgon fekk politiet inn melding om brann i Steinvågvegen 43 B, vest på Aspøy i Ålesund sentrum. Det vart løyst ut trippelvarsling og naudetatane var raskt på staden.

  • Fleire personar vart berga ut fra bygninga og i alt vart 33 personar evakuert. Ni av desse vart evakuert frå Steinvågvegen 43 A og B. Dei andre 24 vart evakuert frå nærliggande bustadar.
  •  
  • Fem personar vart frakta til Ålesund sjukehus. Tre av desse fekk etter helsesjekk status som uskada/lettare skada og er skrivne ut. To er enno på sjukehuset til observasjon for lettare/moderate skader.
  • Status for dei evakuerte no i kveld er at dei fleste har fått flytta tilbake. Men dei som bur i Steinvågvegen 43 A og Steinvågvegen 43 B er enno evakuert.  Til saman åtte personar får bistand frå Ålesund kommune.

To personar er sakna

To personar er sakna frå bustaden som brann, og politiet fryktar at desse er omkomne. Dette er basert på opplysningar som er innhenta frå pårørande og vitner. Dei sakna er to vaksne kvinner som er i familie med kvarandre, og dei er sakna frå same leiligheit. Pårørande er varsla.

Laurdag kveld er det enno god varme på staden, men brannen er sløkt. Kriminalteknikarar undersøker, men det er ikkje mogleg å gå inn på sjølve staden no. Arbeidet på arnestaden vil starte så snart det er mogleg. Det er gjennomført avhøyr av fleire vitner som var i bustaden, samt andre som var i nærleiken.

Det vert sett i verk tiltak for å sikre staden i Steinvågvegen, og det vert blant anna riving av nokre ustødige veggar.

Til toppen