Fortset gravearbeid i Ålesund sentrum

Fortset gravearbeid i Ålesund sentrum

Utstillingsplassen med parkerte biler og sperregjerder. - Klikk for stort bileteRehabilitering av torget på UtstillingsplassenHer får du status for gravearbeidet i Røysegata, ved Utstillingsplassen, Fjellgata og Gjerdegata i Ålesund sentrum.

Status for Røysegata og ved Utstillingsplassen

Boreprosjektet er no avslutta og det blir starta opp avsluttande arbeid med å få kopla røyr og kablar mot boreholet ved Utstillingsplassen. Arbeidet vil vere frå måndag 15. august til 16. september.

Det skal samtidig bli skifta ein vassleidning frå 1910 og kople overvatn/vegvatn som er lagt ned til sørsida av Storledbakken mot boreholet utanfor Steinovnen bar og pizzeria. Tafjord fjernvarme skal også vidareføre røyra sine ned mot Keiser Wilhelms gate.illustrasjonskart over parkering i gjerdegata - Klikk for stort bilete

Arbeidet i Røysegata er avslutta, men det skal opp fortau og rabatt inn mot Sundgata. Dette blir tatt når resten av Utstillingsplassen skal asfalterast.

Parkering og buss i perioden

For Gjerdegata vil ikkje det vere mogleg å nytte parkeringene vist i kartet til høgre.

Forureina masser i Fjellgata utset gateopning

Forureininga har gitt forseinkingar i prosjektet på grunn av venting på analyseresultat for å vita korleis massane skal handterast vidare.

Planlagt opning er i veke 33.

- Vidare plan er nytt fortau på nordsida av vegen etter gata er opna for trafikk. Etter dette er utført vil gata asfalterast og vere ferdig.

Parkering og buss i perioden

Arbeidet gjer at Fjellgata/Holmgata framleis ikkje er opna for trafikk og det påverkar parkeringen i Fjellgata og Holmegata.

I Fjellgata vil det ikkje vere mogleg å parkere langs nordsida av gata. Det vil vere mogleg å bruke innkjørsel til bakgårder.

- Vi vil jobbe for å halde oppe dei parkeringsplassane som kan haldast oppe på ein sikker måte, sjølv med anleggsmaskiner og anleggstrafikk. Det er trongt og vi treng plass for å kunne jobbe på ein sikker måte.

Avløpsleidning byr også på utfordringar

Det må gravast i Borgundvegen mot Vervgata på grunn av ein avløpsleidning som har kollapsa. Per no er det gjort ei provisorisk løysing på leidningen.

Arbeidet vil ikkje vere i gang før Fjellgata er opna for trafikk. 

Parkering og buss i perioden

Borgundvegen /Vervgata krysset stengast for gjennomkjøyring i graveperioden.

Bussane må køyre Røysegata mellom 22. august til 10. september annen trafikk kan kjøre om Fjellgata.

Meir trafikkomlegging i sentrum

I samband med gravearbeid i Storledbakken og Borgundvegen blir trafikken i sentrum lagt om. Les om arbeidet her.

Til toppen