Første spadetak for Eidet skule

Det var ordførar Eva Vinje Aurdal som tok det symbolske første spadetaket for bygging av den nye skolen. Med godt frammøte til markeringa, vart den både opna og avslutta med flott korpsmusikk av Vatne Tennfjord musikkorps.

Ordfører Eva Vinje Aurdal tar det første symbolske spadetaket.jpg - Klikk for stort bilete

I november i fjor vart det inngått totalentreprisekontrakt med Peab K. Nordang AS for bygging av den nye skolen, og det var med stor glede at det 5. juni kunne markere at bygginga no er i gang.

- Saman med Peab K. Nordang AS har vi eit godt samarbeid og prosjektet følgjer planen om ferdigstilling til skulestart 2025 for alle elevar. Det vil vere ein ny barne- og ungdomsskule med kapasitet for 500 elevar. Eidet skule skal erstatte Vatne barneskule, Tennfjord skule og Vatne ungdomsskule, fortel prosjektleiar Hanne Helgesen i Ålesund kommunale eigedom KF (ÅKE). 

Les meir om skulen.