Første møte i nytt formannskapStore saker står på agendaen for eit nytt formannskap i Ålesund kommune. Les sakspapira, og sjå direktesendinga her.Illustrasjonsbilde Marit Brunstad / Ålesund kommune Sjølv om dagens Ålesund kommune først vert avvikla ved nyttår, er det nokre saker det påtroppande politiske styret må ta stilling til allereie no. I det første formannskapsmøtet skal ein ta stilling til budsjett og økonomiplan, ei rekke forskrifter og skjenkeløyve til både Odeon Kino på Moa, og nye Løvenvold teater.Sakspapira til alle møter i den nye kommunen er i ei ny nettløysing, og ikkje på samme nettstad som ein er vant til å finne sakspapir. KommuneTV vil vise direktesending, og huse opptak av møtet i etterkant. Heile sakslista er som følger:002/23 Forskrift om gebyr for feiing og tilsyn med fyringsanlegg, Ålesund kommune 003/23 Forskrift om gebyr for saksbehandling, kontroll og tilsyn etter forureiningsregelverket, Ålesund kommune, Møre og Romsdal 004/23 Godkjenning av forskrift om gebyr for private planar, byggje- og delesakshandsaming, oppmåling og seksjonering - Ålesund kommune 005/23 Forskrift om vass- og avløpsgebyr, Ålesund kommune, Møre og Romsdal 006/23 Tilskott til drift av veterinærpraksis på dagtid i Haram veterinærdistrikt 007/23 Budsjett 2024, Handlings- og økonomiplan 2024-2027 008/23 Forskrift om renovasjon, Ålesund kommune, Møre og Romsdal 009/23 Forskrift om tømming av slam og avløpsvatn frå mindre avløpsanlegg, Ålesund kommune, Møre og Romsdal 010/23 God Helse-samarbeidsavtale 2024-2027 011/23 Løvenvold Theater AS - søknad om alminneleg bevilling for skjenking av alkoholhaldig drikk 012/23 Odeon Kino AS - søknad om alminneleg bevilling for skjenking av alkoholhaldig drikk 013/23 Regelverk for gateleige ved mellombelse bygg- og anlegggsarbeid 014/23 Retningslinjer for arbeidsløyve på kommunal veg Side 2 av 64 015/23 Selskapsavtale - Interkommunalt arkiv for Møre og Romsdal IKS 016/23 Val av medlemmer til partssamansett utval 2023-2027 Sist endra 06.11.2023 11.33