Forslag til kommunevåpen i digitale kanalar

Forslag til kommunevåpen i digitale kanalar

Forslag til digitalt kommunevåpen - Klikk for stort bileteForslag til digitalt kommunevåpenKommunestyret vedtok i oktober 2019 å behalde Ålesund sitt kommunevåpen for den nye kommunen. I det same vedtaket stod det óg at det skulle arbeidast vidare med ein digital profil for kommunevåpenet i digitale kanalar. No har ELLE mELLE eit forslag til nettopp dette! 

Vedtaket i kommunestyret i oktober 2019 sa: 
"Ålesund kommunestyre vedtek Ålesund byvåpenet sitt som nytt kommunevåpen for Ålesund kommune frå 01.01.2020. Kommunestyret vedtek at det skal arbeidast vidare med ein digital profil i tråd med delar av framlegget til ELLE mELLE."

Etter vedtaket i kommunestyret har ELLE mELLE arbeidd fram eit forslag til korleis Ålesund kommune kan nytte kommunevåpenet i digitale kanalar. 
 

Utfordringar med originalt kommunevåpen

Kommunevåpenet i digitale kanalar.  - Klikk for stort bileteELLE mELLE_Digitalisering_Ålesund_kommunevåpen_presse_9juni _Side_2.jpg Det er fleire utfordringar for det originale kommunevåpenet i digitale kanalar. Kommunevåpenet inneheld blant anna mange detaljar som er vanskeleg å oppfatte:

  • Små detaljar og manglande kontrastar mellom fargane fører til at kommunevåpenet «gror» og blir uklart i små flater. 
  • Dagens kommunevåpen mister delar av det historiske innhaldet sitt på desse flatene: Facebook, Instagram, LinkedIn, internett, internettannonsering, PC, e-post, osv.

Formålet med å digitalisere kommunevåpenet er å gjere kommunevåpenet meir synleg på digitale flater. Det må óg optimaliserast for bruk på små digitale flater. 

- Eit forbetra digitalt kommunevåpen vil bidra til å halde fram med å bygge omdømet til Ålesund som ein framtidsretta kommune. Vi går inn i framtida med respekt for historia, seier ELLE mELLE.

 

Korleis digitalisere eit historisk handverk? 

Nytt digitalt kommunevåpen - Klikk for stort bileteELLE mELLE_Digitalisering_Ålesund_kommunevåpen_presse_9juni _Side_4.jpgELLE mELLE har forska på kor langt dei kan strekke seg i kvar retning, både med omsyn til historie, digitalisering og synlegheit. Ein må óg teste kva slags grep som er riktig å gjere på små flater, og sikre krava til universell utforming. Mange små detaljar og manglande kontrastar mellom fargane fører til at kommunevåpenet gror i hop og blir uklart. 

I arbeidet med kommunevåpenet har ELLE mELLE hatt fokus på fargen til kommunevåpenet og kva du opplever når du ser det originale kommunevåpenet. Du opplever at der er:  

  • ei borg 
  • ein båt 
  • folk 
  • sjø 
  • fiskar 
  • form

Berre på små flater

Kommunevåpenet på facebook.  - Klikk for stort bileteELLE mELLE_Digitalisering_Ålesund_kommunevåpen_presse_9juni _Side_1.jpg 

Det nye digitale kommunevåpenet skal berre vere til bruk på digitale flater. Storleiken skal vere frå 5 mm-40 mm. På flater og kanalar med kommunevåpenet over 40 mm skal originalt kommunevåpen nyttast. 

- Det tradisjonsrike kommunevåpenet og den digitale varianten skal leve side om side. Dette skal kome tydeleg fram i kommunen sin visuelle identitet. Det er viktig for Ålesund sitt omdøme at vi framstår med éin felles identitet. Det betyr blant anna at vi er ein tydeleg og einsarta avsendar i all vår kommunikasjon, seier kommunikasjonssjef i Ålesund kommune, Christine Rørvik. 

 

Opp til politisk behandling i haust

I formannskapsmøtet 8. juni fekk politikarane ei orientering om arbeidet. Forslaget til digitalisering av kommunevåpenet skal opp til politisk behandling etter sommaren 2020, saman med reglementet for bruk av kommunevåpenet. 


Kommunevåpenet til Ålesund kommune og bruken av det høyrer til den visuelle identiteten til Ålesund kommune. Utarbeiding av ein visuell identitet og profil skal ut på anbod politisk behandlast hausten 2020.
 

Ålesund kommune har ein spesiell fokus på FNs berekraftsmål i perioden 8. – 24. juni saman med fleire andre kommunar i landet. Målet er å vise at berekraftsmåla er ein del av kvardagen vår. 

Berekraftsmål 11 - Klikk for stort bileteBerekraftsmål 11 

Til toppen