Lepsøyrevet fyr- Det er ikkje med reint lite spaning eg legg fram det første forslaget til budsjett- og økonomiplan for Haram kommune.
Slik innleier kommunedirektør for Haram, Anders Norvald Hammer, i den rykande ferske økonomiplanen han har lagt fram for kommunen skal leie.
Mykje av spaninga ligg i at Haram kommune allereie frå oppstart vil vere i ein krevjande økonomisk situasjon. For at den økonomiske styringa skal vere berekraftig, må det gjerast ei rekke tiltak, både på kort og lang sikt.
Eigedomsskatt også i Haram
Innbyggarane i Haram ser ut til å måtte førebu seg på å halde fram med med å betale eigedomsskatt, men for det komande året det er ikkje føreslått noko auke i satsen på denne i forhold til kva dei er vande med frå dagens kommune.
- Det er fornuftig å bruke tid på å skaffe seg oversikt over det reelle driftsnivået i kommunen før eg vil tilrå kva nivå eigedomsskatten i Haram kommune bør ligge på, forklarer Hammer.
- Det betyr at eg ikkje foreslår endring i eigedomsskatten for 2024. Det kjem likevel klart fram at det er naudsynt å gjere strukturelle grep for å halde driftsnivået på eit økonomisk berekraftig nivå. Dette er også relatert til betalingsforpliktingar kommunen har tatt på seg for realisering av Nordøyvegen.
Nøktern drift, ingen midlar til disposisjonsfond
Kommunedirektøren meiner at viktige kriterium for å lukkast med å bygge den nye kommunen er å kjøpe seg tid og å vise måtehald, og han legg opp til ei nøktern drift.
- Det er naudsynt å tilpasse drifta til befolkinga i den nye kommunen, og den demografiske utviklinga vi har, seier han.
Høg inflasjon og høgare renter set press på kommunen sitt driftsbudsjett. Kommunedirektøren ser difor at ein for 2024 ikkje vil ha moglegheit for å avsette noko til framtidig disposisjonsfond.
Utradisjonelt budsjettdokument
Oppstart av ein ny kommune medfører at ein ikkje har tidlegare planar å lene seg på og av den grunn er det ikkje eit budsjettforslag med det ein kan kalle tradisjonell oppbygging kommunedirektøren no presenterer.
- Etter fire år som ein del av Ålesund kommune, er vi no med på ein historisk overgang som gjer at budsjettdokumentet vårt har ein annleis struktur enn det vi vanlegvis ser i kommunale budsjett- og økonomiplanar, seier Hammer. Han utdjupar også vidare:
- Først når vi har gjort oss erfaringar med drifta av den nye kommunen, og vedteke ein ny revidert samfunnsplan med handlingsdel, kan vi lage eit budsjett og økonomiplan i tradisjonell forstand.
I dei framlagte planane er det også lagt vekt på viktigheita av at Haram kommune kjem tidleg i gang med revidering av kommuneplanen sin samfunnsdel. - Det er den som definerer strategi og hovudmål for utviklinga av kommunen, og som igjen vil gi retning i kva vi skal prioritere i kommunen sin budsjett- og økonomiplan, seier Hammer.
Takkar tilsette
Kommunedirektør Hammer er takknemleg for arbeidet dei tilsette i prosjekt Haram 2024 har lagt ned for å jobbe fram dokumentet som no blir presentert. Han fortel at fleire av dei ikkje har erfaring med budsjettprosessar frå tidlegare, og at mange dermed har hatt ei bratt læringskurve.
- Eg vil takke tilsette i Ålesund kommune som har gitt oss bistand, og ikkje minst samarbeidspartar som vi er avhengig av opplysningar frå for å arbeide fram eit dokument for politisk behandling, avsluttar Hammer.
Vidare behandling
I følgje kommunelova skal økonomiplanen for dei neste fire åra, og årsbudsjettet for det komande året vedtakast før årsskiftet. Framlegg til planar for Haram kommune er no publisert og sendt til formannskapet som skal behandle saka i sitt møte den 7. november. Deretter skal saka ligge ute til offentleg ettersyn i 14 dagar, før endeleg budsjett- og økonomiplan skal vedakast i Haram kommunestyre den 7. desember.
I dagens kommune skal arbeidsmiljøutvalet behandle saka 9. november. Ungdomsrådet, eldrerådet og rådet for menneske med nedsett funksjonsevne skal behandle saka i fellesmøte med Ålesund den 15. november.
Her kan du lese budsjettframlegget frå kommunedirektøren i Haram kommune