Koronaviruset

På vår temaside om koronavirus  finn du siste informasjon om koronaviruset, tiltak vi gjer i kommunen og kva dette betyr for deg. Ålesund kommune tilbyr testing for personer med symptom på koronavirus (covid-19) ved teststasjonen på Åse.  Information about corona in other languages. 

Siste nytt

Formannskapsmøte tysdag 7. juli

Formannskapet samlast 7. juli til sitt siste møte før sommarferien. Politikarane skal gjennom tre saker, referatsaker og orienteringar før dei får ta ferie.

Vindkraft

Ålesund kommune har oversendt innspela sine til endringssøknad (her vart det stilt krav om at utbygginga skulle stansast i vente på ny støyvurdering). Sjå saken her. I brevet til NVE (Norges Vassdrags- og Energidirektorat) forventar kommunen at innspela blir vektlagt. NVE skal no behandla søknaden og det ventes vedtak. Referatsak på formannskapsmøtet no bli derfor at NVE har mottatt merknadane til endringssøknaden i den videre behandlinga. 

Sak opp i sjølve formannskapsmøtet er ein eventuelt klage på vedtak frå NVE 15. juni om utvidelse av massetak. Langs vegen opp til vindkraftverket skal det vere eit massetak. Dette har vore ein del av planen – og konsesjonen – heile tida, men NVE har tidlegare stilt krav om at utbygger måtte lage ein heilt konkret plan for etablering, drift og tilbakeføring ved nedlegging av vindkraftverket. NVE har no behandla planen og gitt godkjenning. Det er dette vedtaket formannskapet no har fått, politikarane har moglegheit til å sette seg inn i det og kva som er mogleg å gjere. 

Eit formannskap med meir mynde

Kommunestyret vil sjå på rutinene for oversendesforslag til handsaming i formannskapet. Saka skal no opp i møtet. 

Eit oversendingsframlegg er eit oppdrag som politikarane gjev til rådmannen om å utgreie eit saksområde, og seinare legge fram eit tilstrekkeleg og forsvarleg grunnlag før saka eventuelt skal realitetshandsamast. Eit oversendingsframlegg medfører at administrasjonen får i oppgåve å sakshandsame, noko som utløyser behov for å nytte administrative ressursar. Desse sakene skal tilbake til rådmannen med ei tilråding til formannskapet som får delegert mynde frå kommunestyret til å vurdere vidare saksgang. På denne måten vil alle initiativ bli handsama meir likt og prioritering saker vil til ei kvar tid bli sett opp imot tidlegare vedtak om kva som skal og bør prioriterast.

Det har kome inn ønske om å sjå på to oversendingsforslag i det ekstraordinære møtet i Ålesund formannskap 7. juli frå Komite for kultur og medborgarskap og frå kommunestyret. 

Justert møteplan for politiske møter til hausten

Ålesund kommunestyre vedtok i sak 015/19 møteplan for 2020. Ein vedtok at møteplan skal evaluerast med tanke på eventuelle justeringar for hausten 2020, herunder erfaringar med møtetidspunkt, møtefrekvens og behovet for tal på møte.

Formannskapet handsama sak 105/20 Evaluering møteplan 2020 i møte 9. juni og kom med følgande innspel:

  • Ein legg til to ekstra formannskapsmøter og to ekstra kommunestyremøter hausten 2020
  • Ein ønsker ikkje at komitémøta kjem rett føre eit møte Ålesund formannskap 
  • Ein ønsker ikkje møte som går over fleire dagar
  • 13. oktober og 8. desember er møte i Fylkestinget og planlagte kommunale møte bør utgå I etterkant av møtet har det komt innspel på epost om at ein ikkje vil ha møte i haustferien

For meir informasjon

Til toppen