Illustrasjonsbilde
Marit Brunstad / Ålesund kommune
I møtet tirsdag var det gitt fleire orienteringar. Først om Hatlehol kyrkje frå Ålesund kyrkjelege fellesråd v/Andrea Hunger og om arbeid med kvalitet v/Ingunn Stette. Seinare i møtet fekk formannskapet og ei orientering om status for Atlanterhavsparken og samarbeid med kommunen v/Tor Erik Standal.
Slik vil formannskapet at Statens vegvesen skal prioritere
Ålesund formannskap har fått høve til å komme med sitt innspel til den samla tilråinga som fylkestinget skal sende til Nasjonal transportplan (NTP). Denne planen viser regjeringa sine prioriteringer innan samferdsel på kort og lang sikt, og er avgjerande for kva prosjekt som vert realisert.
Formannskapet vedtok følgande innspel:
- Landstrekningar som E39/E136 langs Brusdalsvatnet og Digerneset – Ørskogfjellet bør bli prioritert over fjordkryssingar.
- E 39 Veibustkrysset - Breivika bør inn i NTP, med ny Vegsundbro og to tunnelløp.
- Tilskuddsordning til fem mindre byar som ikkje har tilgang på byvekstavtalar må vidareførast.
- Det må bevilgast nok pengar til Stad skipstunnel.
Støtte til Dale Oen academy
På grunn av den økonomiske situasjonen til kommunen hadde kommunedirektøren ikkje tilrådd å gi tilskot til Dale Oen academy i år, men ønskte å sjå på det på nytt ved neste høve. Formannskapet tilrådde likevel å inngå ein treårig samarbeidsavtale med stiftinga, og å gi 150 000 allereie i år. Saka går no vidare til kommunestyret.
Her finn du meir informasjon
Vil du sjå alle vedtaka, og sjå kven som stemte kva? Her kan du lese møteprotokollen.
Du kan også sjå opptaket frå møtet på KommuneTV