Siste nytt

Formannskapet skal diskutere busetting av flyktningar og oversendingsforslag

Ålesund rådhus - Klikk for stort bileteÅlesund rådhusTorsdag 6. januar er det møte i Ålesund formannskap. På sakslista står blant anna søknad om kommunalt tilskot, busetting av flyktningar i 2022 og oversendingsforslag i samband med budsjett 2022. Møtet startar klokka 09.30 og blir sendt direkte på Kommune-TV og på Facebook. 

Dette er nokre av sakene som skal opp: 

Søknad om kommunalt tilskot

Dei to samyrkjeorganisasjonane, Landbruk Nordvest SA og Norsk Landbruksrådgjeving Vest SA, som driv rådgjevingstenesta i landbruket søkjer kommunen om driftsstøtte for 2022 på kr 25.000,- og kr 50.000,-. Kommunedirektøren si innstilling er at kommunen ikkje skal gje tilskot grunna kommunen sin økonomi.  

Mottak av flyktningar

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDI) har oppmoda Ålesund kommune om å busette totalt 76 flyktningar i 2022. Talet inkluderer 5 einslege mindreårige (EM), der to av plassane vert nytta til busetting av EM  under 15 år og 3 av plassane vert nytta til busetting av EM over 15 år. 

Driftssituasjonen i flyktningtenesta er generelt uføreseieleg, men i 2020 og 2021 har situasjonen vore særleg utfordrande på grunn av koronapandemien. Det er grunn til å tru at situasjonen og vert noko utfordrande i inn i 2022, av same årsak. Ettersom talet på flyktningar har gått drastisk ned dei siste par åra har det vore behov for å gjennomføre nedbemanning i verksemd Flyktning, i migrasjonshelsetenesta og i barneverntenesta som følger opp EM. Tenestene er derfor ikkje dimensjonert for å ta imot talet på flyktningar kommunen er oppmoda om i 2022.

Kommunedirektøren innstiller til formannskapet å Ålesund kommunestyre busette totalt 50 flyktningar i 2022, der 2 av plassane vert nytta til busetting av einsleg mindreårige (EM) under 15 år, og 3 av plassane vert nytta til busetting av einsleg mindreårige (EM) over 15 år. (Sjå meir utfyllande i sakspapira, lenke nedanfor).

Oversendingsforslag budsjett 2022

I behandling av budsjettforslaget for 2022 i kommunestyret kom det opp ei rekke oversendingsforslag som no skal til behandlig i formannskapet. Blant anna politikarkontakt for ungdomsrådet, dialog med Sanitetshjemmet, utbygging av bukollektiv/eldrebustadar og søknad om statleg pilot om lågterskeltilbod for barn og unge. Les meir utfyllande i sakspapira om oversendingsforslaga. 

 

Sjå saksdokument og følg møtet på Kommune-TV

 

Alle sakspapir ligg ute i vår møteportal. Du kan også følge møtet direkte på Kommune-TV eller på Ålesund kommune si Facebookside.  

Til toppen