Koronaviruset

På vår temaside om koronavirus  finn du siste informasjon om koronaviruset, tiltak vi gjer i kommunen og kva dette betyr for deg. Ålesund kommune tilbyr testing for personer med symptom på koronavirus (covid-19) ved teststasjonen på Åse.  Information about corona in other languages. 

Siste nytt

Forbod mot oljefyring og krav om fjerning av oljetankar

Frå 1. januar 2020 er det forbod mot fyring med fosil olje (parafin og fyringsolje).

Har du ein nedgreven oljetank på eigedomen din skal den normalt takast bort og leverast til godkjent mottak. Dette arbeidet skal utførast etter særskilte retningsliner, og det kan vere lurt å kontakte eit firma som har erfaring med slikt arbeid.

Slik gjer du det

Dersom oljetanken er plassert slik at det vil vere uråd eller vanskeleg å ta den bort kan ein søkje kommunen om å la den bli liggande. Det er då strenge krav til reingjering, fylling med eigna stoff og sikring. Søknad med informasjon om årsak til at ein ynskjer å la tanken ligge, kven og korleis arbeidet er tenkt utført  sendast via elektronisk skjema som du finn under.

Både søknad om dispensasjon til å la oljetanken bli liggande og melding om at oljetank er fjerna skal sendast til kommunen.

Skjema for nedgravd oljetank (kontroll, tømming eller fjerning og dispensasjon).

Dersom oljetankar ikkje vert fjerna eller reingjort og sikra på anna forskriftsmessig måte, må huseigar pårekne store konsekvensar og kostnadar viss ei lekkasje oppstår. Ofte ligg slike tankar nært inntil grunnmuren til huset. Olje som lek ut vil i verste fall kunne trenge både inn under huset, inn i grunnmur og dreneringssystem, forårsake store og omfattande skader og kunne gjere bustaden ubebueleg. Forsikringsselskap har signalisert at dei ikkje vil dekke kostnad med slike skadar dersom huseigar ikkje har oppfylt si plikt om å sikre tanken slik ein skal.

Hugs, det er ditt ansvar

Forureiningslova, kapittel 1 §1-8, gir eigar av ein oljetank, uansett storleik, alt ansvar for den forureininga som eventuelt måtte kome frå ein oljetank. Sjølv små mengder olje vil kunne forårsake store skader på miljø, vassdrag og eigedomen tanken ligg i. Sjølv om ein bruker opp oljen som er i tanken vil det alltid ligge att noko, nok til å forureine grunnen.

Nedgrevne oljetankar som ikkje vert fjerna eller sikra vil før eller seinare tære opp og kunne kollapse.  I verste fall kan dette føre til personskadar eller skadar på bygningar.

 

Til toppen