Forbetra publikumskart

No er det blitt enklare å hente fram den kartinformasjonen du treng - både når det gjeld innsyn i kart, planar og bygg- og delesaker i kommunen

Ein gullfisk som hoppar mellom to glassbollar. - Klikk for stort bilete Norconsult Informasjonssystemer AS

 

 

- Vi lanserer no ein oppgradert versjon av kartløysinga Geoinnsyn, fortel Knut Helge Skare, som er avdelingsleiar for geodata. - Dette er publikumskarta våre, som no er blitt raskare og meir moderne. Det har komt fleire funksjonar og den har blitt enklare å bruke.

Ålesund kommune har saman med to andre kommunar vore pilotkunde og ein sterk bidragsytar i leverandøren si utviklinga av den nye versjonen som no vert lansert. Programvara vil stadig bli vidareutvikla og meir funksjonalitet vil kome lovar leverandøren Norconsult informasjonssystemer.

Sjå GeoInnsyn

Kva får ein i publikumskarta?

Gjennom Geoinnsyn kan alle enkelt få innsyn til all tilgjengeleg informasjon om eigedomar, bygningar og adresserer, informasjon frå den såkalla matrikkelen. Ein får óg innsyn i alle kommunale arealplanar, bygge- og delesaker - begge deler i kart og med tilhøyrande saksdokument.

I et samarbeidsprosjekt med Statens kartverk er óg fleire årgangar av historisk flyfoto, heilt frå 1947 og fram til i dag, lagt inn i kartinnsynet.

Med direkte tilgang til tre ulike årgangar av skråfoto (2008, 2014 og 2021) og ein enkel terrengmodell kan ein og studere terreng og bygningar tredimensjonalt.

Programmet inneheld óg nokre teiknefunksjonar, slik ein raskt og enkelt kan teikne i kartet og lage eigne kartutskrifter. Alle eigarar, såkalla heimelshavarar, kan lage og skrive ut nabolister for eigedommar som dei sjølv eig.

Betre sjølvbetening

- Saman med Sula kommune, som også nyttar den same kartløysinga, håpar vi at oppgradert versjonen skal gje både innbyggarar, politikarar og næringsliv eit betre innsyn i både kart, planar og bygg-/delesaker kommunane, seier Skare.

Med ei forbedra og forenkla løysing er det difor eit håp om at mange sjølv kan klare å hente fram den kartinformasjonen dei har bruk for.