Viktig informasjon om korona

Siste nytt

Flytting av vaksinasjonstimar grunna reduksjon av leveransar

Ålesund kommune får i veke 27 og 28 utlevert færre vaksiner frå Comirnaty, etter at leverandøren annonserte mindre vaksiner til Noreg enn det som først vart skissert.Vaksineillustrasjon - Klikk for stort bileteVaksineillustrasjon  

- Vi fekk informasjon om dette etter at kommunen la ut tilgjengelege vaksiner til bestilling, som har ført til overbooking i veke 27. Dette betyr at om lag 400 personar vil få utsatt sin vaksinetime frå veke 27 til 28, fortel Torfinn Vingen som er assisterande kommunalsjef for helse og omsorg.

Det er kun personar i aldersgruppa 40 - 44 år som får flytta timen sin, og dei det gjeld vil få ny time over SMS. Skulle ikkje ny time passe er det moglegheit for og få time i veke 29 ved å sende e post til massevaksinering@alesund.kommune.no.

Les meir om vaksinasjonen i kommunen her på heimesida. 

Til toppen